Sommarjobb på Nordliheimen
- Arbeidsgiver
- Austrheim kommune
- Stillingstittel
- Sommarjobb - Nordliheimen
- Frist
- 10.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kven ser me etter?
Me tilbyr
Er du på jakt etter ein meiningsfylt sommarjobb?
Hjå oss kan du vere med å gjere ein skilnad, der du vert med å glede og hjelpe andre som treng det. Du vil vere med i eit omsorgsfylt team, der vi har det kjekt og gjer kvarandre god på jobb.
På Nordliheimen har vi eige kjøkken. I tilknytning til sjukeheimen har vi sansehage med lysthus, som bebuarane kan nytta. Me er opptatt av å sørgja for god livskvalitet for bebuarane - gjennom å ha aktivitetar både ute og inne.
Så dersom du vil ha ein arbeidsdag med varierte og kjekke arbeidsoppgåver, få nyttig arbeidserfaring og jobbe saman med flinke folk ber me deg lese vidare!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUgArbeidsoppgåver
- Pleie og omsorgsoppgåver på Nordliheimen
- Kokk/kjøkkenhjelp ved Nordliheimen
Kven ser me etter?
Kvalifikasjonar:
- Meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Kunnskap om bruk av dataverktøy
- Krav til gyldig politiattest
- Bør kunne jobbe minimum 4 veker samanhengande
Personlege eigenskapar:
- Trivast å jobbe med menneske
- Kan arbeide sjølvstendig
- Positiv og lærevillig
- Bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø
Søknaden din må innehalde:
- Kva for nokre veker du ynskjer å jobbe
- Når du ynskjer å ha ferie
- All utdanning
Me tilbyr
- Sommarjobb i veke 26-33
- Stilling: 75-100%
- Turnus med vakter dag, kveld, natt og helg
- Gode kollegaer med godt humør
- Eit godt fagmiljø
- Moglegheit for ekstravakter/helgearbeid utover det neste året
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 10
- Sted
- Sætremarka 2, 5943 Austrheim
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 391407790
- Sist endret
- 31. jan. 2025 07:20
Mer som dette

