Tenesteleiar for Miljøarbeidartenesta

Arbeidsgiver
Helse- og velferd i Gloppen kommune
Stillingstittel
Tenesteleiar for Miljøarbeidartenesta
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

Helse og Velferd arbeider etter visjonen «Saman blir vi sterkare". Er du ein lagspelar, likar du å spele andre god og ser løysningar og ikkje utfordringar?

Helse og Velferd har ledig stilling som tenesteleiar for miljøarbeidertenesta. Tenesta arbeider ut frå mål om å legge til rette for at mennesker med utviklingshemming får eit mest mogleg sjølvstnedig liv, ut frå deira føresetnadar og ynskjer.

Litt fakta om Miljøarbeidartenesta
Miljøarbeidertenesta har 70 årsverk, og gjev tenester til rundt 60 brukarar. Det er tre avdelingsleiarar som har delegert personalansvar og fagansvar for sine avdelingar. Vi gjev tenester til mennesker med utviklingshemming, psykisk liding og rusavhengighet.  Vi har heildøgns og halvdøgnsbemanna bustadar og barneavlastning.

Kva vi jobbar med, og mot 
Miljøarbeidertenesta arbeider med mål om at brukarane får halde ved like ferdigheiter, får moglegheit til å meistre og får eit mest mogleg sjølvstendig liv ut frå eigne ynskjer og føresetnadar. Tiltak dei har jobba med for å sikre måloppnåing er å implementere og følgje opp rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester for menneske med utviklingshemming" og kompetansehevande tiltak kring aldring og utviklingshemming,

"I forkant"  er Gloppen kommune sin overordna strategi. Det handlar om at vi skal ha ein utviklingskultur som fangar opp signal i samfunnet og tek fatt i det handlingsrommet som vi har. I helse- og velferdsektoren  betyr "i forkant"  å jobbe med mål og tiltak som gjer at vi beheld tilsette, rekrutterar nye,  og har rett kompetanse på rett stad.

Litt om rolla som tenesteleiarr
Som tenesteleiar har du overordna fagleg-, administrativt- og økonomisk ansvar for tenesta. Du blir leiar for tre avdelingsleiarar. Tenesteleiar rapporterer til kommunalsjefen for helse og velferd og er del av leiargruppa i sektoren. Du vil og være del av kommunedirektøren sitt leiarforum i Gloppen. Tenesteleiaren har såleis fleire roller å ivareta i dei forskjellige foruma, dette inneber at ein må kjenne til relevante utfordringar og problemstillingar i dei andre tenestene i kommunen. 



Arbeidsoppgåver

  • Overordna administrativt ansvar for personal, rekruttering, økonomi og fag i tenesta
  • Leiing og kvalitetsarbeid 
  • Tenesteutvikling 

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg høgskule-/universitetsutdanning 
  • Utdanning/erfaring innan leiing er naudsynt. Ved manglande formell utdanning innan leiing vil det stillas krav om at du tek kompetanseheving innan leiing, dette i dialog med kommunalsjef 
  • Erfaring og resultat innafor endringsarbeid.
  • Digitale ferdigheiter, forståiing
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid

Personlege eigenskapar

  • Ser menneske rundt deg og spelar dei gode
  • Gjev tillit og ansvar til dei du jobbar med 
  • Forstår og forheld deg til ulike roller og ansvar
  • Er oppteken av målet, og ikkje virkemidla
  • Kommuniserar tydelege forventningar
  • Delegerar oppgåver og ansvar- og har struktur på å følgje opp
  • Evner å vurdere kva som haster og er viktig
  • Du kan etterleve verdiane -Kunnskap- Omsorg-Mot- Tillit-Samhandling-Arbeidsglede-Likeverd-

Vi tilbyr

  • Høg grad av autonomi og påverknad
  • Arbeidsglede og humor
  • Støtte i det du treng
  • Rause medarbeidarar, med kompetanse, engasejement og omsorg
  • Lønn etter avtale
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar

 

Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding

Kontaktinformasjon

Gunhild Gimmestad, Kommunalsjef helse og velferd, +47 91640696

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4910936020

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 23.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Ledelse
FINN-kode
391520068
Sist endret
03. feb. 2025 07:13