Pedagogiske leiarar og barnehagelærarar

Arbeidsgiver
Volda kommune, Avdeling barnehage
Stillingstittel
Pedagogiske leiarar og barnehagelærarar
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Volda kommune kan frå barnehageåret 2025/2026 ha ledige stillingar i barnehagane som pedagogiske leiarar og barnehagelærarar. Det kan bli ledig både faste stillingar og vikarstillingar. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.

Dei kommunale barnehagane er som følgjer:
- Austefjord barnehage
- Bratteberg barnehage
- Engeset barnehage
- Folkestad barnehage
- Hornindal barnehage
- Lauvstad barnehage
- Mork barnehage
- Oppigarden barnehage

 

Vi søker deg som er nysgjerrig saman med barn og som stimulerer til barn sin medverkand, undring, leik og læring. Vi søker barnehagelærarar som ønsker å støtte barn si lærelyst, og kan bidra til eit godt grunnlag for livslang læring i nært samarbeid med foreldre. Det vert arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode utviklings- og læringsmiljø, som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse. I botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse. Refleksjon over eigen praksis er ein naturleg del av kvardagen vår. Vidare så arbeider vi aktivt med å implementer Alternativ og Supplerande Kommunikasjon (ASK) i alle barnehagane.

Fleire av barnehagane er praksisbarnehagar, og dei som får tenestestad ved desse må vere budde på å ta på seg rettleiing av studentar.

 

Sektor oppvekst sin visjon er:

Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.

Barnehagane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, skule, kulturskule og vaksenopplæring  er barnehagedrifta
ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren
sin visjon.

 

Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.

 

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppe- og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 8. mars, 11. mars og 12. mars. Andre datoar kan og verte aktuelle. Referansar blir kontakta etter intervju.

 

Tilsetjing vil vere avhengig av eventuelle interne endringar.

 

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden. 


Arbeidsoppgåver

Pedagogisk leiar skal leie personalet og det pedagogiske arbeidet på avdelinga, støtte enkeltbarn si utvikling og fremme inkludering i barnegruppa, bidra til kontaktskaping og samhandling med føresette. 

Som pedagogisk leiar :
- er du ein aktiv del av barnehagen sitt leiarteam og ein tydeleg leiar for
personalet på avdelinga 
- har du ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av
det pedagogiske arbeidet både for det einskilde barnet og barnegruppa
- arbeider du målretta for eit trygt og godt omsorgs- og læringsmiljø i nært
samarbeid med barn, foreldre og kollegaer 
- har du ansvar for tverrfagleg samarbeid med både interne og eksterne
samarbeidspartar
- har du medansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
- har du medansvar for at personalet arbeider mot felles målsetjingar
- deltek du på møte, kurs, endrings- og utviklingsarbeid og held deg fagleg
oppdatert
- må du vere ein støttande og tydeleg leiar som har ansvar for opplæring og
rettleiing av medarbeidarar og arbeider målretta med arbeidsmiljøet på avdelinga
- får du delegert arbeidsoppgåver frå styrar
- har du ansvar for rettleiing av barnehagelærarar, fagarbeidarar, assistentar og vikarar

 

Barnehagelærar skal utføre pedagogiske opplegg, støtte enkeltbarn si utvikling og fremme inkludering i barnegruppa, bidra til kontaktskaping og samhandling med føresette. Arbeidet kan vere både i barnegruppa og/eller oppfylging av enkeltbarn.

Som barnehagelærar får du eit medansvar for:
- å prioritere barn sin leik, læring og medverknad i nært samarbeid med pedagogisk leiar
- å legge tilrette for eit godt og trygt omsorgs- og læringsmiljø for det einskilde barnet og barnegruppa i nært samarbeid med barn, foreldre og kollegaer 
- tverrfagleg arbeid i nært samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartar
- utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
- å delta på møte, kurs, endrings- og utviklingsarbeid samt halde deg fagleg oppdatert
- at personalet arbeidar mot felles målsetjingar
- rettleiing av medarbeidarar
- å vere ein aktiv bidragsytar i å utvikle eit godt arbeidsmiljø
- får du delegert arbeidsoppgåver frå styrar og pedagogisk leiar

Kvalifikasjonar

- godkjent utdanning som barnehage-/førskulelærar
- god framstillingsevne munnleg og skriftleg
- for søkjarar til pedagogisk leiarstilling så er det ønskeleg med utdanning og/eller erfaring innan rettleiing
- god IKT-kompetanse
- bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27, UDIR § A2-B1

Personlege eigenskapar

Du:
- får god kontakt med enkeltbarn, og kan leie større barnegrupper
- prioriterer barn sin leik, læring og medverknad 
- har evne til å bygge gode relasjonar med barn, foreldre og tilsette 
- har evne til å lytte og søkje gode løysningar
- har høg fagleg kompetanse og evne til refleksjon om eigen og felles praksis
- er endrings- og utviklingsorientert   
- kan arbeide sjølvstendig og systematisk, samtidig som du søkjer samarbeid med kollegaer for å nå felles mål
- er tydeleg på forventningar og tilbakemeldingar

 

Personlege eigenskapar og stabilitet vert vektlagde saman med utdanning og praksis. 

Vi tilbyr

- utfordrande og spennande oppgåver i barnehagar som er i stadig utvikling
- eit inkluderande, kreativt og samarbeidande miljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling
- ein arbeidsplass der vi utviklar, ser og oppmuntrar kvarandre

 

Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest før ein startar i stillinga, jfr barnehagelova § 30.

Prøvetida er 6 mnd.

Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Bodil Brautaset, Avdelingsleiar barnehage, 91194598, bodil.brautaset@volda.kommune.no

Nina Hovden Eidheim, Fagkonsulent oppvekst, 70058868, nina.hovden.eidheim@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4906735701

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Stormyra 2, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
391525374
Sist endret
14. feb. 2025 01:48