100% fast stilling som fagleiar i Omsorgstenesta vest Utneheimen

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Utneheimen
Stillingstittel
100% fast stilling som fagleiar i Omsorgstenesta vest Utneheimen
Frist
01.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledig fast stilling som fagleiar 100 %. Arbeidstid er dagtid med helg.


Arbeidsstad: Omsorgstenesta vest

Om arbeidsplassen og stillinga:

Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på
sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.
Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta. Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom, og 2 er kortidsplassar. I heimetenesta yter me tenester til om lag 75 pasienter.


I Omsorgstenesta vest har me eit godt arbeidsmiljø, med eit fleirkulturelt miljø. Tenestene me utfører er mange og ulike, så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, tenester som er tilpassa kvar enkelt.


Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer.

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat. God opplæring vert gitt.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ha oversikt over hjelpebehovet til pasientane i heile tenesta
  • Ekstra ansvar for at me har oppdaterte og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Aidn
  • Ekstra ansvar for oversikt over at ulike arbeidsoppgåver vert utført
  • Ekstra ansvar for at IPLOS er oppdatert
  • Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar, og vere med å lage og oppdater desse
  • Tett samarbeid med pårørande
  • Bidra i arbeidet med opplæring av nytilsette
  • Oppfølging etter legevisitt
  • Legemiddelhåndtering og opplæring
  • Narkotikakontroll
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard, og rettleia anna personale i fagleg og etiske spørsmål
  • Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelt ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
  • Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
  • Vere med i arbeidet vårt med å nytte musikkbasert miljøbehandling og Memoria

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Leiarutdanning evt erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner


Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Politiattest jfr gjeldande lov
  • Krav til førarkort: klasse B

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse
kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp.
Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:


"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast
vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har
oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du
er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
391532032
Sist endret
17. feb. 2025 09:21