
Ferievikarar i inntil 100%
- Arbeidsgiver
- Heimebaserte tenester, Vinje kommune
- Stillingstittel
- Ferievikarar i inntil 100%
- Frist
- 23.02.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Arbeidsoppgåver
- Ved omsorgssentera i Øvre (Edland) og på Rauland har me behov for ferievikarar til å hjelpe bebuarar, og på kjøkken
- I heimesjukepleia held tenesta bil, du må ha førarkort klasse B
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning, eller er i gang med helsefagleg utdanning. Andre er også velkomne til å søkje.
- Ha gyldig politiattest – ikkje eldre enn 3 mnd.
- Språkkunnskapar minimum på nivå B2
- Arbeid i heimesjukepleia krev førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Helst fylt 18 år
Me tilbyr
- Eigen lønsstige for studentar under relevant utdanning.
Bonusordning:
- Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 25-31 blir bonus 1000 kr per veke, i tillegg til ordinær løn.
- Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 26-33 blir bonus 2000 kr per veke, i tillegg til ordinær løn.
- Til deg som bind deg for 8 veker, heile perioden, veke 26-33 blir bonus 2500 kr per veke, i tillegg til ordinær løn.
Det er ein føresetnad at du faktisk jobbar 75 - 100% i avtalte veker for å få utbetalt bonusen. Dersom du i avtalt periode har fråvær, vil du miste bonus for aktuell veke(r).
Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Du må levere vitnemål og attestar.
Det er viktig at du skriv i søknaden kva teneste du ynskjer å vera ferievikar i, og kva du prioriterer om du søkjer på fleire stillingar. Du må seie kva for veker i perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe 6-8 veker blir prioritert, og du må rekne med å arbeide annankvar helg.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Arnhild Romtveit , Avdelingsleiar i Øvre Vinje, 47640276, Arnhild.Romtveit@Vinje.kommune.noAnne Jannicke Lie, Avdelingsleiar heimetenester i Åmot, 46924080, Anne.Jannicke.Lie@Vinje.kommune.no
Hege Rorgemoen, Avdelingsleiar heimetenester i Rauland, 48 21 01 56, Hege.Rorgemoen@Vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4910471660
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vinjevegen 192, 3890 Vinje
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 391939886
- Sist endret
- 03. feb. 2025 11:25
Mer som dette

