Tilkallingsvikarar i fellesfag og programfag

Arbeidsgiver
Volda vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar i fellesfag og programfag
Frist
30.05.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Volda vidaregåande skule søkjer etter tilkallingsvikarar i fellesfaga (norsk, engelsk, samfunnskunnskap, naturfag, framandspråk og matematikk) og i programfaga knytt til dei ulike utdanningsprogramma til skulen.   

Skulen kan også ha behov for vikar i faget norsk for ein litt lengre periode, til medio juni 2025. 

Volda vidaregåande skule har om lag 450 elevar og 80 tilsette, og held til i moderne og trivelege lokale. Skulen har utdanningsprogramma studiespesialisering, påbygg, musikk, dans og drama, medium og kommunikasjon og kunst, design og arkitektur. 

For meir informasjon, sjå nettstaden vår volda.vgs.no.


Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du må vere engasjerte og glad i å arbeide med ungdommar, og har utdanning og bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire av tilboda skulen tilbyr. 

Å ta oppdrag som tilkallingsvikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent eller er i ein situasjon der du har høve til meir kortvarige oppdrag. Skulen er også interessert i å kome i kontakt med til dømes pensjonerte lærarar eller andre med relevant bakgrunn, som kan tenke seg å ta oppdrag hos oss. 

Arbeidsoppgåver 

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervising i faga som du ev. vert tilsett i 
  • Delta i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen 
  • Bidra i fag- og avdelingssamarbeid 
  • Delar av stillinga kan vere knytt til undervising av enkeltelevar/små grupper 

Utlysingsteksten har lang søknadsfrist, men vi registrerer fortløpande innkomne søknader og tek kontakt med deg dersom vi har oppdrag som er aktuelle for deg med di utdanning eller bakgrunn. 

Kvalifikasjonar

  • Helst pedagogisk kompetanse og/eller undervisningserfaring frå vidaregåande opplæring 
  • God digital kompetanse og forståing 
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk 
  • Kompetanse til å sikre læringsprogresjon for alle typar elevar gjennom tilpassa opplæring og variert vurderingspraksis 
  • Ein tydeleg klasseleiar som er bevisst rolla si som motivator og inspirator for elevane 
  • Formell undervisningskompetanse i dei aktuelle faga 

Personlege eigenskapar

  • Positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for elevane sitt sosiale og faglege miljø
  • God rollemodell
  • God på relasjonsbygging og klasseleiing
  • God fagleg formidlingsevne
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Strukturert og nøyaktig i læringsarbeidet
  • Tilpassar opplæringa og ser elevane og deira moglegheiter
  • Utviklingsorientert og med evne til å reflektere over og forbetre eiga undervisning
  • Samarbeidsorientert og likar å jobbe i team med kollegaer 

Vi tilbyr

  • Gode fagmiljø med eleven og eleven si læring i sentrum
  • Eit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandre 
  • Eit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deg 
  • Gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikring 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Kristin Bakke Sæterås, Avdelingsleder, 91569705

Arbeidsstad

Vevendelvegen 35

6102 VOLDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune


Referansenr.: 4910039242

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Startdato: 27.01.2025

Sluttdato: 20.06.2025

Søknadsfrist: 30.05.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Vevendelvegen 35, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
392051994
Sist endret
04. feb. 2025 07:23