Undervisningsstillingar - grunnskulen

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Sektor oppvekst
Frist
14.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kvinnherad kommune har 13 skular og søkjer etter lærarar. Vi er på jakt etter engasjerte, fagleg dyktige lærarar som ynskjer å bidra til lærelyst og eit godt skulemiljø! Kvinnherad kommune har stort fokus på samarbeid for eit godt og trygt miljø for elevar, der alle jobbar saman for å skape ein god oppvekst. Vi vil at elevane skal møte ein opplæring som gir meistring, lyst til å lære, og som ruster dei for ei framtid i stadig utvikling. Det er behov for lærarar ved ulike barne og ungdomsskular. Som søkjar må du skriva om du søkjer på ei bestemt skule, eller om du vil stå på søkjarlista til fleire skular. Det kan verte ledige stillingar på andre skular og.

Som tiltak for å auke delen faglærde lærarar i grunnskulen i Kvinnherad, kan nytilsette lærarar få eit ekstra rekrutteringstilskot.  Nye eksterne lærarar/undervisningspersonale med tilsettingskompetanse og blir tilsett i fast stilling i grunnskulen, får tildelt kr. 50 000,-  i 100% stilling (elles etter stillingsstorleik). Eingongstillegget vil bli gitt mot bindingstid på 2 år, der arbeidsavtale vil vere tydeleg på konsekvensar ved brot. 

 

 

Hatlestrand oppvekstsenterMatematikk, 100%Lilli Britt Urheim 
Tlf: 92 44 45 14 Husnes ungdomsskuleNorsk, engelsk, spansk, 100%Hjørdis Østerbø
Tlf: 995 71 504Halsnøy skuleAllmenlærer med basisfag, spes.ped, 200%Jorunn teigen
Tlf. 913 45 004 Bringedalsbygda oppvekstsenterSpes.ped 20%Nina Bernhardsen
Tlf. 481 30 647

 

Kvinnherad kommune tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.  Naturen rundt byr på sjø, skog og fjell, og kommunen har nyleg opna Kvinnherad Arena. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Shoppingmoglegheiter finst på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod til Bergen og Haugesund.  

  

Arbeidsoppgåver

Kontaktlærar/Faglærar/Spesialpedagog

Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar.

Vera aktivt deltakande i skulen sine profesjonsfellesskap.

Sikra at elevane er del av eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø

 

Kvalifikasjonar

Godkjend og relevant utdanning frå høgskule eller universitet – jf. opplæringslova § 10-1 og forskrift til opplæringslova kap. 14

Ha gode dugleikar i læringsleiing og klasseleiing

God digital kompetanse

Speialpedagogikk er ein fordel

Ungdomsskulane i kommunen har eit særleg behov for språkfag

 

Personlege eigenskaper

Tydeleg klasseleiar

Positiv, fleksibel og initiativrik

Kunne arbeida sjølvstendig og i tett samarbeid med andre

Oppteken av skuleutvikling

Ha evne til å skape gode relasjonar i klasserommet og jobba systematisk med eit trygt og godt skulemiljø

Ha evne til å skapa eit inkluderande læringsmiljø gjennom tilpassing, tilrettelegging, variasjon og elevaktivitet

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK.

Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Moglegheit for vidareutdanning for lærarar gjennom gjeldande statlege ordningar

 

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje

søknaden din.

 

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Privat
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
392115642
Sist endret
04. feb. 2025 02:21