
Lærar
- Arbeidsgiver
- Bokn kommune Bokn skule
- Stillingstittel
- Lærarstillingar ved Bokn skule 2025/26
- Frist
- 03.03.2025
Beskrivelse
Bokn kommune søkjer etter lærarar. Me har ledig både faste stillingar og vikariat, og me har behov for lærarar på både småtrinn, mellomtrinn og ungdomstrinn.
Me ønsker lærar som kan vere med å gi elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Elevane skal møte engasjerte lærarar som lyttar til dei og motiverer dei for læring.
Sjølv om me ønsker lærarar i alle fag, så kan kompetanse i kroppsøving og engelsk vere særskilt aktuelt.
Me søker også etter deg som har kompetanse i teiknspråk.
På Bokn skule har me fokus på profesjonelle læringsfellesskap der me særskilt jobbar med trygt og godt skulemiljø, tverrfagleg samarbeid og temabasert læring. Skulen vår er fådelt og me arbeider med å utnytta potensialet i dei aldersblanda gruppene. Me er opptekne av delingskultur, praktiske og varierte arbeidsmetodar.
Kompetansekrav:
- godkjent undervisningskompetanse ihht Opplæringslova
- tydeleg klasseleiar og god på å skape relasjonar
- kjennskap til digitale læringsverktøy, iPad og PC
Personlege eigenskapar:
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- fleksibel og løysingsorientert
- sjølvstendig og strukturert
- gi og ta imot rettleiing
Me kan tilby:
- ein variert og spennande arbeidskvardag
- aktive og engasjerte kollegaer
- flotte undervisningslokaler i nybygd skule og idrettshall
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- generelle lønsplasseringar i samsvar med Hovudtariffavtalen
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 392142630
- Sist endret
- 05. feb. 2025 07:29
Mer som dette



