ID 2280 Barne- og ungdomsarbeidarar - Leirvik skule

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
barne- og ungdomsarbeider, Fagarbeidar
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Leirvik skule med sine om lag 340 elevar og 50 tilsette, er den nest største av sju barneskular i Stord kommune og ligg plassert i sentrum. Skulen jobbar med satsingsområdet <>, som inneber at det blir jobba spesielt med kjernekomponentane inkludering, overgangar, fleirlærarmetodikk og barnets beste, i tillegg til LK20 (fagfornyinga), rammeplan (SFO) og trygt og godt læringsmiljø for alle i skule og SFO.

Leirvik skule søkjer deg som trivast å vere saman med barn og ønskjer å jobbe i ein trygg og god SFO. Me held til i sentrum, med kort avstand til det meste.

Me har ledig fire faste 40% stillingar i SFO frå hausten 2025.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Vere med å planlegge, organisere og gjennomføre det pedagogiske arbeidet på skulen og i SFO

  • Medansvar for den heilhetlige omsorga for det enkelte barn

  • Ha oversikt over planar og daglege aktivitetar

  • Vere med å oppretthalde og utvikle eit godt foreldresamarbeid

  • Delta i endrings- og utviklingsarbeid

  • Bidra til eit godt og trygt miljø i skule og SFO

  • Legge til rette for leik og læring

  • Delta på samarbeidsmøte og planleggingsdagar

  • Jobbe i tråd med SFO sine verdiar, årsplanar og rammeplanen

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

  • Anna relevant utdanning eller kompetanse

  • Det er ønskeleg med erfaring frå skule/SFO og/eller arbeid med born

  • Beherske digitale verktøy

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå skule/SFO og/eller arbeid med barn

  • Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men leverast snarast etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding.

Personlege eigenskapar:

  • Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert

  • Du har eit varmt hjarte samtidig som du kan setje tydelege grenser og trygge rammer for barna

  • Du er engasjert, tar ansvar og ønskjer å bidra med din kompetanse

  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter i møte med barn, foreldre og kollegaer

  • Du har godt humør og er god på samarbeid

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til:

Kesia Palmer, rektor Leirvik skule og SFO, mobilnummer 926 46 805

Katrine B. Eskeland, avdelingsleiar SFO, mobilnummer 469 43 889

Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
392225925
Sist endret
05. feb. 2025 09:49