Er du bioingeniør og vil leie og koodinere?

Arbeidsgiver
Avdeling for laboratoriemedisin Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Koordinator Medisinsk biokjemi
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer ein tydeleg og handlekraftig koordinator
Har du evne til å leie team, koordinere prosessar og skape gode samarbeidsrelasjonar? Vi søkjer ein positiv og strukturert koordinator til fast stilling ved Medisinsk biokjemi i Haugesund, Avdeling for laboratoriemedisin.

Stillinga inneber delegerte oppgåver frå funksjonsleiar for medisinsk biokjemi, som òg vil vere din næraste leiar. Vi ser etter ein person som ønskjer å medverke positivt til korleis arbeidet blir organisert framover, både i eige laboratorium og i avdelinga som heilskap.

Om oss
Medisinsk biokjemi er eitt av seks laboratorium i Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Laboratoriet utfører analysar innan ulike fagfelt og har døgnkontinuerleg drift. Hos oss arbeider ulike yrkesgrupper, mellom anna bioingeniørar og helsesekretærar.

Du vil jobbe i ein moderne analysehall, nytt utstyr og tilhøyrande teknologi. Medisinsk biokjemi er akkreditert etter ISO 15189.

Om stillinga
Dette er ei dagtidsstilling med ei arbeidstid på 37,5 timar per veke.
Ved intern tilsetjing kan det bli ledig ei anna fast ingeniørstilling eller anna stilling. Oppgje gjerne i søknaden om dette er av interesse.

👉Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den daglege drifta av poliklinikk, samt andre pågåande prosjekter
  • Delegert ansvar for deler av personalgruppa
  • Ansvar for utarbeiding av turnusplanar i samarbeid med funksjonsleiar
  • Stedfortreder for funksjonsleiar ved fråvær og ferie
  • Ansvar for å bidra med helhetlig og strategisk tenking og vere ein aktiv bidragsytar i arbeidet med å vidareutvikle avdelinga iht. vedtatte mål og strategiar
  • Samarbeide tett med funksjonsleiar, avdelingsoverlege og leiargruppa i Avdeling for laboratoriemedisin
  • Innhold i stillinga kan endre seg underveis

Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel med dokumentert leiarkompetanse og/eller leiarerfaring
  • Bioingeniør med norsk autorisasjon. Alternativt anna helseutdanning med relevant erfaring kan vurderast, og med det føreset at søkar er villig til å opparbeide kompetanse innanfor laboratoriedrift
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • samarbeider godt med andre, men trivst også med å jobbe sjølvstendig. Du tek initiativ, handlar raskt og finn løysingar når det trengst.
  • er ein lagspelar som skapar gode relasjonar og får fram det beste i kollegaene dine.
  • motiverer andre og bidreg til eit arbeidsmiljø der både fagleg utvikling og godt samhald står i fokus.
  • har god fagleg vurderingsevne og jobbar målretta, nøyaktig og strukturert.
  • er opptatt av utvikling og forbetring og finn glede i å gjere ting betre.
  • lærer raskt og har evne til å sette deg inn i nye saksområde på kort tid.
  • held fokus i krevande situasjonar, toler høgt tempo og har god stressmeistring.
  • ønskjer å utvikle deg vidare som leiar og tek ansvar for eiga læring og utvikling.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Kvifor velje oss?

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Høgt fagleg nivå

Kontaktinformasjon

Bendikthe Hartvigsen, Funksjonsleiar Medisinsk biokjemi, 93827930, benedikthe.hartvigsen@helse-fonna.no
Rita Danielsen Tyse, Avdelingsleiar, rita.danielsen.tyse@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4906315798
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
392241587
Sist endret
05. feb. 2025 12:40