Ferievikar
- Arbeidsgiver
- Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina
- Stillingstittel
- Ferievikar
- Frist
- 10.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Har du lyst på en spanande og meningsfull sommarjobb i bu og habilitering?
Vi ser etter deg som har fylt 18 år og vil vere ferievikar i perioden 23. juni – 17. august.
Har du fagkompetanse eller erfaring frå arbeid innan helse og omsorg? Eller kanskje ønsker du å prøve ut om dette arbeidet kan passe deg?
Er du miljøterapeut, miljøarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar, student eller vil arbeide som pleiemedarbeidar/assistent?
Søk då vel!
Arbeidsoppgåver
- gi brukarane våre gode opplevingar
- hjelpe til med daglege gjeremål av fagleg og praktisk karakter
- føre journal
Du kan få andre utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver.
Vi ber om at du skriv i søknaden kva stillingsstørrelse du ønskjer, og kva tidsrom du kan jobbe i. Vi vil prioritere deg som kan arbeide i juli og august månad.
Kvalifikasjonar
Du må vere over18 år, glad i samarbeid og det å jobbe tett på menneske. Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Vi ønskjer at du har god omsorgskompetanse, og gjerne relevant erfaring.
Før du kan starte i arbeid må du levere godkjend politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er positiv, arbeidsglad, sjølvstendig og ansvarsbevisst. Du samarbeider godt, og skaper gode relasjonar til menneska kring deg. Du jobbar sjølvstendig med blikk på gode tenester til brukarane våre, og samarbeide godt med kollegaer og andre einingar.Vi tilbyr
Du får jobbe i eit godt fagmiljø blant brukarar og gode kollegaer. Arbeidstida er i turnus, dag/kveld og/eller natt.
Vi ønskjer god kontinuitet både for brukarar og tilsette i ferieavviklinga, og håpar du kan arbeide store delar av sommaren. Dersom du er kjend vikar hos oss og jobbar 80% og annakvar helg i meir enn fire veker, vil du få moglegheit til å inngå avtale om bonus på kr 3000 per ekstra veke du jobbar.Studentar i relevant studieløp får løn etter kommunens eiga lønsplassering.
Tilsetting skjer på vanleg kommunale villkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Kontaktinformasjon
Cesilie Sundgot, Einingsleiar, +47 45449231Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4917929257
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 10.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Teigevegen 55, 6060 Hareid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 392259202
- Sist endret
- 05. feb. 2025 01:39
Mer som dette

