Ferievikarar i inntil 100%

Arbeidsgiver
Psykisk helse og rus, avdeling Bruli, Vinje kommune
Stillingstittel
Ferievikarar i inntil 100%
Frist
27.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Når sommaren kjem og våre tilsette skal ha sommarferie, vil me få behov for deg som kan vera ferievikar ved Bruli bufellesskap, avdeling for psykisk helse og rus. Ferieperioden er veke 25-33. 

Bruli er eit bufellesskap med 8 omsorgsbustader for brukar med alvorleg psykisk liding og/eller rusproblem. Det er to til tre tilsette på jobb samstundes, og bustaden er bemanna frå kl 08.00 til 21.30, 7 dagar i veka.

Som sommarvikar blir du ein del av eit godt fagmiljø av sjukepleiarar, helsefagarbeidar og pleiemedarbeidar.


Arbeidsoppgåver

  • Personleg assistanse
  • Praktisk bistand
  • Miljøarbeid

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning, eller i gang med helsefagleg utdanning. Andre er også velkomne til å søkje. 
  • Gyldig politiattest- ikkje eldre enn 3 månadar
  • Språkkunnskapar minimum på nivå B2
  • Førarkort klasse B
  • Søkjar må vera over 18 år

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Du har godt humør og ei positiv innstilling
  • Du er engasjert og fleksibel
  • Du ynskjer å bidra til å gjera ein forskjell for våre bebuarar

Vi tilbyr

  • Eigen lønnsstige for studentar som er under relevant utdanning. 

Bonusordning:

  • Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 25-31 blir bonus 1000 kr per veke, i tillegg til ordinær lønn.
  • Til deg som bind deg for 6 veker i perioden veke 27-33 blir bonus 2000 kr per veke, i tillegg til ordinær lønn.
  • Til deg som bind deg for 8 veker, heile perioden, veke 25-33 blir bonus 2500 kr per veke, i tillegg til ordinær lønn.

Det er ein føresetnad at du faktisk jobbar 75 - 100% i avtalte veker for å få utbetalt bonusen. Dersom du i avtalt periode har fråvær, vil du miste bonus for aktuell(e) veke(r).

Opplæring blir avtalt med kvar enkelt ferievikar. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande etter søknadsfristen. Søkjerar som kan jobbe 6-8 veker blir prioritert. Du må rekne med å arbeide annankvar helg.


I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Carsten C. Hald, Verksemdsleiar, 90937093, carsten.hald@vinje.kommune.no

Lena Eilefstjønn, Avdelingsleiar, +47 91243386, lena.eilefstjonn@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192

3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune


Referansenr.: 4917787981

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Startdato: 16.06.2025

Sluttdato: 17.08.2025

Søknadsfrist: 27.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
392372949
Sist endret
06. feb. 2025 08:22