Barnehagelærar
- Arbeidsgiver
- Oppvekst, Kvam herad
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Frist
- 02.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me søkjer deg som er barnehagelærar og vil skapa ein trygg og stabil kvardag for born.
Frå 1. august kan me ha ledige stillingar som barnehagelærar i barnehagane våre. Me vil gjerne ha deg på laget vårt!
Politikarane i Kvam satsar på barnehagetenesta. Grunnbemanninga er styrka utover minstenorm, og administrasjonsressursen er auka for å administrera, rekruttera og læra opp vikarar i barnehagane våre.
Kvam herad er ein BTI (betre tverrfagleg innsats) kommune. Alle barnehagetilsette vert kursa i Sjå barnet innanfrå (relasjonskompetanse) og me jobbar med Udir sine kompetansepakkar i trygt og godt barnehagemiljø.
Nyutdanna barnehagelærarar får tilbod om rettleiing av kvalifiserte rettleiarar.
Arbeidsoppgåver
- Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
- Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leik
- Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål
- Skapa ein god barnehagekvardag for alle
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
- Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar
- Rettleia, involvera og motivera
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
- Delta i leiarteamet i barnehagen og bidra til pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
- Tett samarbeid med spesialpedagog i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Jf. barnehageloven §27 må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter
Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Ha eit positivt barnesyn
- Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse
- Visa endringsvilje og vera løysingsorientert
- Samarbeida godt med andre
- Gode kommunikasjonsevner
Me tilbyr
- Ved funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 40.000,- i full stilling
- Rettleiing til nyutdanna dei to fyrste åra
- Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning
- Me arbeider for kjernetid for pedagogiske leiarar i alle barnehagar
- Arbeidskle
- Godt og fagleg arbeidsmiljø
- Nye barnehagebygg
- Varierte arbeidsdagar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, 997 38 755, ingumo@kvam.kommune.noGunn Anita Mo, Styrar Tørvikbygd barnehage, 94157935
Karin Træbakken, Styrar Norheimsund barnehage, 46865845
Marit Linga, Styrar Strandebarm barnehage, 94178356
Hanne Jørgensen, Styrar Ålvik barnehage, 95018539
Ann-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904
Torunn Agnete Sørheim, Styrar Sjydnahaugen barnehage, 95026183
Arbeidsstad
Tørvikbygdvegen5620 Tørvikbygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4910072751
Stillingsprosent: 100, 60%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 02.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Kyrkjevegen 30, 5600 Norheimsund
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 392375974
- Sist endret
- 06. feb. 2025 09:15
Mer som dette
