
Ledig fast stilling som kyrkjetenar i eit hyggeleg arbeidsfellesskap
- Arbeidsgiver
- Vestre Slidre Kyrkjeleg Fellesråd
- Stillingstittel
- Kirketjener
- Frist
- 05.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd har ledig 50 % fast stilling som kyrkjetenar, alternativt delt opp i 3 mindre stillinger à 15%, 15% og 20%. Vi søker ein eller fleire positive og praktisk anlagte personar til stilling som kyrkjetenar. Kyrkjetenaren vil vere ein del av kyrkjevergen sin stab.
Hva vi ser etter
Vi søker deg som er engasjert og ønsker å ha eit aktivt medansvar for messer, kyrkjelege handlinger, konsertar og andre arrangement i kyrkjene våre. Du liker å tilrettelegge for aktivitet og sjå til at det er pent og ryddig i kyrkjene.
Du arbeidar godt i team med prest, organist, andre tilsette og frivillige. Du tek initiativ og har klar kommunikasjon med dei du arbeidar saman med.
Vidare er du:
-
Ansvarsfull, påliteleg og ryddig
-
Sjølvstendig, positiv, kontaktskapande og fleksibel
-
Imøtekomande og serviceinnstilt
-
Har god helse til å utføre fysisk arbeid
-
Er flink til å snakke med folk og er tydeleg i din kommunikasjon
-
Kvalifikasjoner:
-
Det kreves ingen spesiell utdanning, men noko fagkompetanse samt erfaring frå reinhald er ein fordel
-
Gode praktiske eigenskaper
-
God orden er ein føresetnad
-
Du må like å samarbeide med andre, både stab og frivillige.
-
Beherske norsk munnleg godt
-
Personleg eignaheit og fleksibilitet vil bli vektlagt
Anna:
-
Du må vere medlem av den norske kirke
-
Du må disponere eigen bil
-
For å skape grunnlag for godt og trygt miljø for alle, må det leggjast fram politiattest før tilsetting i samsvar med Trussamfunnslovens § 20 og Politiregisterloven § 39, første ledd.
-
Arbeidstid er på dagtid, kveld og helger
-
Søknad med CV og navn/tlfnr til referanser sendes til vk766@kyrkja.no
-
-
Arbeidsoppgaver
-
Ansvar for praktisk tilrettelegging i kyrkja i samband med messer, vigslar, gravferder og andre arrangement på kvardag og helg
-
Tilsyn med og rydding og reinhald av kyrkja, inventar og utstyr og påfyll av forbruksmateriell
-
Stedlig brann-og sikkerheitsansvar under seremonier og arrangementer
-
Gjennomføre fastlagte tilsyn og kontroller i samarbeid med kyrkjeverge
-
Snømåking ved kyrkja sine inngangar
-
Ved behov delta på stabs-og planleggingsmøte
-
Andre arbeidsoppgåver ved behov
Vi tilbyr
Ved oppdeling av stillinga vil stillingsstorleik og ansvarsområde fordele seg slik:
-
Slidre sokn med Slidredomen, Slidre kyrkjestoge/bårehus - 20% stilling
-
Røn sokn med Røn kyrkje, bårehuset og Øyjar kapell - 15% stilling
-
Lomen sokn med Lomen kyrkje og delvis Lomen stavkyrkje - 15% stilling
Søkjar kan velje å søkje på ein eller fleire av ansvarsområda, oppgje i søknaden kva stillingsprosent(ar) du søkjer på.
Kyrkjeleg fellesråd forbeheld seg retten til å velje å tilsette person/personar også utfrå den beste løysinga med tanke på stillingsstorleik.
-
Nødvendig opplæring vil bli gitt
-
Oppstart så snart som mogleg etter søknadsfrist
-
Eit hyggeleg arbeidsfellesskap
-
Fleksibel arbeidstid innanfor ramma av arbeidsplanen med arbeid på kveld og helg
-
Varierande og meiningsfylte oppgåver
-
Løn etter gjeldande tariff og pensjonsordning i KLP
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Slidrevegen 20, 2966 Slidre
- Stillingsfunksjon
- Annet, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 392422671
- Sist endret
- 11. feb. 2025 01:56
Mer som dette


