100% fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar i Ullensvang kommune, avdeling Kinsarvik

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Rus og psykisk helse
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

100 % fast  stilling som Psykiatrisk sjukepleiar i Ullensvang Kommune

avdeling Kinsarvik 

 

Rus og Psykisk helse i Ullensvang kommune har avdelinger lokalisert i  Jondal, Odda og Kinsarvik.

Vi har ledig 100 % fast stilling som psykiatrisk  sjukepleiar frå dags dato. Stillinga er organisatorisk plassert ved Rus og Psykisk  avdeling Kinsarvik 

Stillinga  er på Dagtid.

Ullensvang kommune er ein  kommune i vakre Hardanger.

Vi ligg mellom  fjord og fjell, og her har du  høve  til å aktivt bruke naturen. Vi har og eit rikt nærings- og  kulturliv i kommunen 

Vil du oppleve dette saman med oss og er på jakt etter nye utfordringar?

Me søkjer etter deg som har eit ekte og oppriktig engasjement for å arbeida med menneske med sammensatte behov.. Du må ha ei ibuande respekt for alle menneske.

Du er sjukepleiar  og ønskjer å bruka kompetansen din innanfor eit spennande og utfordrande fagområde. I tillegg er du god til å byggja relasjonar, har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evnar å stå stødig i krevjande situasjonar

Er du i tillegg kreativ og positivt innstilt, då er det deg vi treng med på laget!

Saman skaper vi ein god arbeidsplass for alle og tilbyr gode tenester!

Me treng ein engasjert og utviklingsorientert  sjukepleiar for vår teneste 

 Me arbeider kontinuerlig med fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene me tilbyr. Hjå oss ynskjer me alltid å utvikle og forbetre oss. 

 

Oppgåver og innhald for stillingen vil bli gjort  i samarbeid med verksemdsleiar / avdelingsleiar , men aktuelle oppgåver vil vera: 

  • Målretta miljøterapi

  • Deltaking i tverrfaglige team rundt den enkelte pasient

  • Kartlegge fysisk og psykisk helse.

  • Støttesamtaler 

  • Samarbeid med pårørande

  • Bidra til kompetanseutvikling 

  • Samarbeid med tenester, som NAV ,Legetenesta,  Flyktningtenesta m-fl

 

Krav til kompetanse / kvalifikasjoner  

  • Sjukepleiar med vidareutdanning i psykiskhelsearbeid 

  • Sjukepleiar /Vernepleiar med relevant kompetanse og erfaring

 

Ynskja kompetanse

  • Må kunne beherska norsk skiftleg og munnleg  

  • Erfaring  med å arbeide i tverrfaglege team 

  • Vidareutdanning  i rus og psykisk helse 

  • Relevant klinisk erfaring 

 

Personlege eigenskapar

  • Har evna til å arbeida sjølvstendig, i team og tverrfagleg

  • Har gode samarbeids- og  kommunikasjonsferdigheiter

  • Er organisert og strukturert

  • Relasjonskompetanse

  • Er positiv, fleksibel og engasjert

  • Likar utfordringar og har evne til å arbeide framtidsretta

  • Bidreg aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø

  • Har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig

  • Evne til å begrense og håndtere fysisk urolige situasjoner er ei forutsetning

  • Du må kunne forhalde deg roleg og halde hovudet kaldt i stressa situasjoner 

 

Me søkjer primært  sjukepleiar  med vidareutdanning innan psykisk helse / rus og psykisk helse. Vernepleiar med tilsvarande kompetanse og erfaring kan og søkja

Relevant erfaring frå arbeid innan  psykisk helsearbeid og personleg eigenskapar som, stødig, trygg og med god relasjonskompetanse vert og vektlagt . 

 Som sjukepleiar/ vernepleiar  stilles det krav om å ta vidareutdanning i psykiatrisk sjukepleie eller anna relevant utdanning for stillinga, innan ein 4 års periode. Kommunen har gode avtaler for støtte/ stipend til  vidareutdanning.

Andre krav

  • Ved tilsetting må det leggjast fram gyldig politiattest

  • Førarkort klasse B

  • Gode IKT kunnskapar

  • Godkjent tuberkulinstatus

Me tilbyr

  • Løn etter lov- og avtaleverk

  • Medlemskap i pensjonsordning

  • Dyktige og omsorgsfulle kollegaer og eit godt arbeidsmiljø

  • Kurs, opplæring og sertifisering etter tenesta sine behov.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Privat
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
392512589
Sist endret
07. feb. 2025 09:55