Barnehagelærarstillingar barnehageåret 2025/2026

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Sektor oppvekst
Frist
14.03.2025

Beskrivelse

I Kvinnherad kommune vil det frå 01.08.2025 verte ledige stillingar som barnehagelærar. Det kan vere både faste stillingar og vikariat. Behov for tilsetjing vil bli klart etter barnehageopptaket for 2025/2026 er gjennomført. Kvinnherad kommune har 9 kommunale barnehagar og ligg under sektor oppvekst. Alle barnehagane arbeider med vaksenrolla, og ønsker at dei tilsette skal vera autoritative vaksne. Det betyr å vera varm, men tydeleg i relasjon med barna.

Kvinnherad kommune tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.  Naturen rundt byr på sjø, skog og fjell, og kommunen har nyleg opna Kvinnherad Arena. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Shoppingmoglegheiter finst på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod til Bergen og Haugesund.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga i nært samarbeid med pedagogisk leiar
  • Arbeida målretta i samsvar med Lov om barnehager med forskrifter
  • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
  • Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Inspirera, motivera og rettleia assistentar/fagarbeidarar

Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning (førskulelærarutdanning)

Personlege eigenskapar

  • Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksen
  • Du er sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeida i team
  • Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
  • Du er løysingsorientert, strukturert og fleksibel
  • Du deltek aktivt ilag med borna, både inne og ute
  • Du har høg relasjonskompetanse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse
FINN-kode
392547732
Sist endret
07. feb. 2025 01:34