Bioingeniør 100% vikariat Husnes Helsesenter

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Helse
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

100% bioingeniør vikariat ved Husnes helsesenter

Husnes helsesenter søkjer bioingeniør i 100% stilling med tiltredelse 15.04.2025 og varigheit på 1 år. Husnes legesenter har i dag 4 avtaleheimlar for privatpraktiserande lege, 4 fastlønna lege og 8 helsepersonell som betener ca. 5700 pasientar. Vi er opptatt av å møta heile pasienten. Vi søkjer deg som har ekte og oppriktig engasjement for menneske som er akutt sjuke, som er ansvarsbevisst og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi ønskjer oss engasjerte kollegaer som liker å jobba i eit hektisk miljø og som kan vera med å utvikla helsesenteret vidare.

 

Arbeidsoppgåver på helsesenteret:

I hovudsak skal bioingeniøren utføra dei faste pasientrettane oppgåver ved laboratoriet, og skal ha spesifikt ansvar for kvalitetsrutinar i laboratorieverksemda.

Det blir forventa at bioingeniør kan avhjelpa med andre type arbeidsoppgåver ved behov.

 

Kvalifikasjonar

· Har norsk autorisasjon som bioingeniør

· Autorisert sjukepleiar kan vurderast

· Me ynskjer personar som har erfaring frå tilsvarande arbeid, men nødvendig opplæring vil bli gitt. Det vil vera ein stor fordel om søkjar har erfaring i bruk av Info-Doc som journalsystem

· IKT- kunnskapar

· Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevne. Meistra norsk munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar

Me ynsker kreative og engasjerte tilsette med eit positivt og inkluderande menneskesyn.

Personleg eigenskapar for stillinga som: sjølvstende og tryggleik i rolla som bioingeniør, men samtidig ha evne til å jobba i tverrfaglege team.

Søkjarar må vera førebudd på å stilla til intervju. Ta med originale dokument, attestar og identifikasjon ved intervju/frammøte.

Du må gi opp minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon) i kompetanseregistreringa.

 

Vi tilbyr

- Lønn i samsvar med gjeldande avtaleverk

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

- Utviklande og spennande stilling der få dagar er like

- Eit godt fagmiljø

- IA-avtale og bedriftshelsetenester

 

Tilsetjing

Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.

Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.

 

Søknadsfrist: 28.02.20025

Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.no

 

Offentlegheit

Opplysningar om søkar kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør Offentligheitsloven § 25.

 

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

Avdelingsleiar for Husnes helsesenter/legevakt Monica Helvik Sletten, tlf. 53 46 16 00

Einingsleiar Helse Irina Zimina tlf. 488 94 055, irina.zimina@kvinnherad.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
392969568
Sist endret
10. feb. 2025 07:48