Lærar, 100% vikariat 

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing lærar, 100% vikariat frå snarast til april 26
Frist
24.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga 

Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, søkjer etter 100% lærarvikar frå snarast til april 2026, med moglegheit for forlenging. 

Skulen ved eining Eivindvik barnehage og skule har mellom 60 og 70 elevar i 1. - 10. klasse. Sjekk ut Eivindvik skule - Gulen kommune for meir informasjon, planar, bilete osb.

Biletet til høgre er frå dagsturhytta, Gulakvila, som ligg i Eivindvik. Dagsturhytta er flittig brukt av Eivindvik barnehage og skule, og turen frå skulen til Gulakvila er ein læringsarena i fleire fag. Skulen er oppteken av, og flinke til å nytte seg av naturen og elles nærområdet i undervisinga si. 


Arbeidsoppgåver/kompetanse 

Eivindvik skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1- 10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse, men slik situasjonen er i dag er det ynskjeleg at søkjarane har undevisingskompenasen i engelsk, matematikk og norsk. 


Personlege eigenskapar 
  • Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
  • Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
  • Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff
  • Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar

Sektor
Offentlig
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
393014430
Sist endret
10. feb. 2025 02:16