Pleiemedarbeidar 80 % stilling
- Arbeidsgiver
- Ørsta kommune, Vallastova
- Stillingstittel
- Pleiemedarbeidar
- Frist
- 10.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ørsta kommune er godt i gong med å planlegge framtidas omsorgsbehov dei komande åra og jobbar etter heilskapleg innsatstrapp. Vi er stolte av å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.
Vi håpar at du har lyst til å bidra saman med oss og resten av laget vårt. For å lukkast i vår kultur, er det viktig at du er pådrivar for heilskapleg innsatstrapp, årsplanlegging/årsturnus, oppgåvedeling, kvalitetsstandard m.m.
På avdeling Vallastova, på Ørstaheimen, er det ledig ei 80 % vikarstilling som pleiemedarbeidar. Vallastova er ei somatisk langtidsavdeling med 24 bebuarar.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ynskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag, men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte med vakter både kvardag og helg. Det vil vere moglegheit til langvakter, både i vekene og på helg, så dette er ei god moglegheit for dei som ønskjer ei meir fleksibel arbeidstid.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Vi ser verkeleg fram til å få akkurat deg med på laget! Saman kan vi skape ein fantastisk arbeidsplass.
Velkomen til oss!
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver, på ein fagleg og etisk måte
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for dei som bur på avdelinga
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med erfaring frå liknade arbeid
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, løysingsorientert og søkjer ny kunnskap
- Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø, der du må kunne omstille deg raskt
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du må ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Du er fleksibel og har evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og saman med andre
- Du har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkl. helgar. Det vil vere moglegheiter for å jobbe langvakter både i kvardag og helg.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6583 pleiemedarbeidar
Tilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf.AML §14.2
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram dokumentasjon av vitnemål og attestar.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4912671956
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 07.04.2025
Sluttdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 10.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 393028879
- Sist endret
- 11. feb. 2025 06:52
Mer som dette
Spesialkonsulent/ konsulent i 80 % fast stilling ved service og arkiv

