RESEPSJONS- OG BOOKINGMEDARBEIDER
- Arbeidsgiver
- Flåmsbrygga Hotell As
- Stillingstittel
- Resepsjonsmedarbeider
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kan du tenke deg ein ny og spanande kvardag? Idyllisk lokalisert ved fjorden i vakre Flåm finn du Flåmsbrygga -- eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet med hotell, bryggeripub, kafè og restaurant. No har DU sjansen til å verte del av vårt dyktige team i resepsjon- og bookingavdelinga som spelar ei sentral rolle i den daglege drifta til Flåmsbrygga.
Vi søker deg som:
-
Har erfaring frå serviceyrket -- helst frå hotell / resepsjon. Du har gjerne også erfaring med bookingsystem som Hotsoft, CityBreak og BookVisit.
-
Trivst i eit hektisk miljø
-
Er fleksibel, arbeidsam og strukturert
-
Har gode evner til å kommunisere
-
Pratar og skriv eit skandinavisk språk i tillegg til engelsk.
Din personlegheit reflekterer følgande:
-
Utadvendt, entusiastisk og godt humør
-
Ung til sinns
-
Uformell og audmjuk -- men profesjonell
-
Arbeidar godt individuelt -- men er ein lagspelar
-
Serviceinnstilt med ei "ja, det fiksar vi!"-innstilling
-
Likar mennesker og vil gi det "lille ekstra" for at gjestene skal trivast best mogleg hjå oss
Som Resepsjon- og bookingmedarbeidar vil du ha følgande arbeidsoppgåver:
-
Inn- og utsjekk
-
Betene sentralbord for heile Flåmsbrygga
-
Sal og meirsal
-
Gjesteservice
-
Skreddarsy hotellopphald og pakkar for individuelle gjester samt arrangement for grupper
-
Booking av hotellopphald, arrangement, aktivitetar og bordreservasjonar for individuelle gjester og grupper via e-post og telefon.
-
Klargjering av møterom og teknisk utstyr, samt ivareta møtevert-funksjonen for møtegrupper.
-
Ivareta resepsjonen sin funksjon som hjarta i bedrifta
-
Fakturering
-
Nattevakt kan påreknast
-
Forefallande arbeid
Tiltredelse etter avtale og grundig opplæring. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, pensjonssparing og personalrabatt på delar av vårt utval av mat og drikke.
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- A-feltvegen 25, 5743 Flåm
- Stillingsfunksjon
- Kundeservice, Mat og servering, Hotell og overnatting / Resepsjon
- FINN-kode
- 393147489
- Sist endret
- 11. feb. 2025 08:18