Har du lyst på ein kjekk sommarjobb?

Arbeidsgiver
Voss herad Voss sjukeheim korttidsavdelinga
Stillingstittel
Voss Sjukeheim søkjer ferievikarar
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga?  
Då har vi jobben for DEG! På Voss Sjukeheim, på korttid- og langtidsavdelingane er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i sommar. 
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.  

Me tilbyr  

  • Ein spanande, meiningsfull og lærerik sommarjobb.  
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.  
  • Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld, og helg.  
  • Natt for dei som ynskjer å jobbe på den tida av døgnet. 
  • E-læringskurs og god opplæring i tildelt avdeling.
 

Arbeidsoppgåver  

  • Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.  
  • All samhandling skal utførast med respekt og ein skal ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk.  

Me søkjer  

 

Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar.  

  • sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.  
  • deg som kunne tenkja seg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid også.  
  • deg som er 16 år og eldre. 

 

Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.Gyldig politiattest må føreligga ved oppstart.

 

Søknaden må innehalde opplysningar om:  

  • Tidsrommet du kan arbeide i perioden juni-august.
  • Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte. Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden.  
  • Me tek kontakt med søkjarar fortløpande. 

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 15, 5704 Voss
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
393166135
Sist endret
11. feb. 2025 12:31