Barnehagelærar, i inntil 100% mellombels st.

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% mellombels barnehagelærar frå snarast
Frist
25.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga 

Det er ledig i inntil 100% vikariat som barnehagelærar ved eining Byrknes barnehage og skule frå snarast til 31.07.2025, med moglegheit for forleging. 

Gulen kommune søkjer ein engasjert pedagog med fagleg god kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barn skal møte trygge og kompetente vaksne som gir barna ein god start på vegen vidare i livet. Ynskjer du å gi barn i barnehagen opplevingar, erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar, då må du søke stilling hjå oss.  

Følg link for meir informasjon om barnehagen: Byrknes barnehage - Gulen kommune


Barnehagane i Gulen har: 
  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar 
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver 
  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde.
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar 
  • Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 
  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Sted
Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
393177120
Sist endret
11. feb. 2025 11:43