Lærarstillingar i skulane i Etne kommune
- Arbeidsgiver
- Etne kommune Oppvekst og kultur
- Stillingstittel
- Lærarstillingar i Etneskulen
- Frist
- 03.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Bli med på laget i Etneskulen!Etne kommune søkjer engasjerte og dyktige klasseleiarar med godkjent lærarutdanning til årsvikariat og faste stillingar.
Me ser etter deg som brenn for gode skuledagar, trivsel og fagleg utvikling.
Om skulane:
Enge skule, ein kombinert 1–10-skule i sentrum av Etne, har 430 elevar og to klassar på kvart trinn.
Skånevik skule, ein kombinert 1–10-skule i Skånevik, har 106 elevar med ei deling i 7 grupper.
- Planleggja og gjennomføra undervisning
- Oppfølging og omsorg for elev
- Samarbeid og kommunikasjon
- Vurdering og dokumentasjon
- Profesjonelt utviklingsarbeid
Me ynskjer at du spesifiserer i søknaden:
Kva fag du har i utdanninga di.
Eventuell tilleggsutdanning med fag og studiepoeng.
Om du søkjer begge skulane, eller om du søkjer Enge skule, Skånevik skule.
Kven er du?
- Du er ein trygg og tydeleg klasseleiar.
- Du brenn for elevane si utvikling, trivsel og meistring.
- Du samarbeider godt og bidreg til eit positivt læringsmiljø.
- Du kan identifisera deg med og arbeida etter verdiane trygg, raus og engasjert.
- Ein jobb i ein kommune som prioriterer eit trygt og godt skulemiljø.
- Tett samarbeid i profesjonelle læringsfellesskap.
- Ein digital skulekvardag kombinert med tradisjonelle læremiddel.
- Mentorordning for nyutdanna lærarar.
- Gode leiarteam.
Me ser fram til å høyra frå deg – bli med og gjer ein forskjell i Etneskulen!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjoarvegen 2, 5590 Etne
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 393193559
- Sist endret
- 11. feb. 2025 01:28
Mer som dette
