
Engasjert sommarguide i Stordø Gruver
- Arbeidsgiver
- Geopark Sunnhordland As
- Stillingstittel
- Guide/Omviser
- Frist
- 12.03.2025
Beskrivelse
Geopark Sunnhordland søkjer sommarguide til Stordø Gruver frå 03.juli til 11.august, onsdag til søndag.
Hva vi ser etter
Me søkjer deg som er motivert, allsidig, og blid og engasjert i møte med nye menneske. Du er over 18 år, snakkar godt norsk, engelsk og gjerne tysk. Du er gjerne i gang med relevant utdanning (geologi, museumsfag, historie, lærarutdanning).
Kjøring av gruvetoget gjer at førarkort kl. B er ønskjeleg.
Arbeidsoppgaver
Kisgruva på Litlabø, Stord, er ei av landets flottaste besøksgruver. I sommarsesongen frå 02.juli til 10.august treng me ein engasjert guide til faste omvisingar i gruva 5 dagar i veka (ons-søndag). Det er varierte arbeidsdagar med publikumsmottak, omvisingar, togkøyring, kafé-salg, reinhald og marknadsføring på SoME. Du vil bli del av eit lag på tre guidar som arbeider i lag. Du må vera sosialt god og imøtekomande for våre unge og gamle gjester. Du må setje stor pris på forteljarrolla og kunne tilpasse nivå og tema til det publikum du har.
Er det periodar i løpet av sommaren du ikkje har høve til å arbeida, må dette gå fram i søknaden. Du må delta i to dagars betalt opplæring i veke 26.
Vi tilbyr
Me tilbyr løn etter tariff, god opplæring og historierikt arbeidsmiljø. Du vil vera ein av tre guidar på jobb til ei kvar tid.
Opplæring vil bli gjeve m.o.t. historia, geologien, anlegget, presentasjonsmåtar, togkjøring, førstehjelp og rutinar.
- Sektor
- Privat
- Sted
- Gruvevegen, 5415 Stord
- Stillingsfunksjon
- Annet, Produksjon
- FINN-kode
- 393327313
- Sist endret
- 12. feb. 2025 02:21
Mer som dette




