Førstekonsulent

Arbeidsgiver
FOT - Seksjon for operativ styring, Møre og Romsdal politidistrikt
Stillingstittel
Førstekonsulent
Frist
05.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du arbeide med publikumskontakt i ei stor og kompleks verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag? Politiet i Møre og Romsdal har no ledig to faste stillingar som førstekonsulent ved sentralbordet.

Stillinga er organisert ved Felles eining for operativ tjeneste ved Seksjon for operativ styring ved sentralbordet.

Vi ser etter deg som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Trivast du også med å jobbe sjølvstendig, er løysingsorientert og serviceinnstilt, og ønskjer å bidra inn i det viktige samfunnsoppdraget til politiet, vil vi gjerne høyre frå deg!

Sentralbordet er ein viktig funksjon i kontakt med publikum. Sentralbordet mottek og ekspederer alle  telefonsamtalar til 02800 og politidistriktet sitt hovudnummer. For at sentralbordet skal yte effektiv og god service samarbeider vi godt med andre funksjonar i distriktet, særleg med tanke på å halde oversikt over ulike fagfelt, tilgjengelege tilsette og dei ulike funksjonane sine opningstider.


Arbeidsoppgåver

  • Svare på inngåande telefonsamtalar til sentralbordet
  • Rettleie og gi informasjon til publikum
  • Informere om og halde oversikt over tenestene i politidistriktet
  • Vidareformidle samtalar til rett eining/person i politidistriktet
  • Halde oversikt over fråværsmeldingar og møteverksemd
  • Bidra til at arbeidet ved sentralbordet vert utført i samsvar med gitte retningslinjer
  • Bistå operasjonssentralen med opplysingar frå tilgjengeleg register til bruk for den operative politistyrken
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Generell studiekompetanse/minimum treårig vidaregåande skule. For kandidatar med særskilt relevant erfaring, evt. relevant fagbrev, kan utdanningskravet fråvikast
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Samfunnsforståing og kjennskap til rolla og ansvaret til politiet
  • Må kunne klarerast for HEMMELEG jf. sikkerhetsloven
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskjeleg:

  • Relevant høgare utdanning
  • Fagbrev innan service og administrasjon
  • Relevant erfaring, til dømes erfaring frå publikums-/kundebehandling

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Løysingsorientert og sjølvstendig
  • Serviceinnstilt
  • God evne til å handtere hektiske situasjonar
  • Motivert for arbeidsoppgåvene

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som førstekonsulent (stillingskode 1408), frå kr. 495 200 til kr. 565 900 brutto per år
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Erik Steen Mikalsen, Seksjonleiar, 70118700

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt


Referansenr.: 4911516927

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 05.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Kundeservice, Saksbehandler
FINN-kode
393351705
Sist endret
13. feb. 2025 07:45