Kommunedirektør

Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Stillingstittel
Kommunedirektør - fast
Frist
14.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

Midt-Telemark er ein kommune med spennande moglegheiter og ein attraktiv plass å bu, studere og drive næringsverksemd. Vi er stolte over å vere på landstoppen i innbyggjarvekst, og som studie- og handelsbygd ønskjer vi å leggje til rette for utvikling i regionen. Kommunen har om lag 11.000 innbyggjarar, og ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionsenter og handelssenter og Gvarv som lokalsenter. Vi er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt i Sør-Øst Norge med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a med berre to timar til Oslo og litt over to timar til Kristiansand med tog. Midt-Telemark kommune har eit variert næringsliv med sterke tradisjonar innan landbruk, der vi kan skryte av å vere fruktbygda i Noreg, kvart tredje norske eple kjem frå oss! Vi er óg ein reiselivskommune med fyrtårna Bø sommarland og Telemarkskanalen. Les om oss på www.mt.kommune.no
Vi ser etter ein røynd, drivande og utviklingsorientert leiar med brei erfaring og god kjennskap til offentleg verksemd. Som kommunedirektør vil du få ei nøkkelrolle i å leie kommunen inn i framtida. Vi ønskjer ein toppleiar som evnar å sjå heile kommunen, identifisere nye moglegheiter, og føra vidare samarbeidet mellom politikk og administrasjon. Du skal bidra til å utvikle kommunen gjennom samarbeid og medverknad på alle nivå.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein tydeleg og inspirerande rollemodell
  • Leie arbeidet med å realisere kommunen sine verdiar, mål og visjonar
  • Vidareføre den gode dialogen mellom politisk og administrativt nivå, og følge opp politiske vedtak
  • Setje realistiske mål og finne innovative løysingar for å nå desse
  • Vidareutvikle kommunen som ein open, tilgjengeleg og digital tenesteytar
  • Sikre godt samarbeid med lokale, regionale og nasjonale aktørar både i formelle og uformelle arenaer
  • Fremje eit utvida partsarbeid med tett samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar og vernetenesta, utover det lovverket pålegg

Kvalifikasjonar

Ønskja kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring på tilsvarande nivå, og helst med noko bakgrunn frå kommunal eller offentleg sektor 
  • God forståing for kommunal/offentleg økonomi, planarbeid og lovverk 
  • Erfaring frå endringsarbeid med gode resultat
  • Rlevant utdanning på masternivå frå høgskule/universitet. Anna relevant utdanning/erfaring kan kompensere for formelle krav
  • Søkjar bør kunne meistre begge målformer

Personlege eigenskapar

  • Analytisk med eit strategisk heilskapleg perspektiv, men og med god  evne til å ta avgjerder og skape resultat  
  • Dokumentert evne til samarbeid, medverknad, dialog og tillitsbygging
  • Sterke kommunikasjonsevner, rausheit og engasjement som inspirerer

Vi tilbyr

  • Introduksjonspakke for nytilsette leiarar
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Per Inge Hjertaker, Konsulent Headvisor, 91729682

Siri Blichfeldt Dyrland, Ordførar, 98649474

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune


Referansenr.: 4906505963

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
393423190
Sist endret
13. feb. 2025 06:30