Geiranger omsorgssenter - Ferievikarar 2025

Arbeidsgiver
Geiranger distrikt, Stranda kommune
Stillingstittel
Geiranger omsorgssenter - Ferievikarar 2025
Frist
15.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved fjorden i Geiranger, omkransa av høge, flotte fjell og eit yrande sommarliv med turistar og andre sesongarbeidarar. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.

Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov. 

Geiranger omsorgssenter søkjer etter ferievikarar innan pleie- og omsorg for sommaren 2025. Hovudferie i tida 23.06.25 - 17.08.25, men det vil også vere behov for vikarar i forkant og etterkant av dette tidsrommet. Vi ynskjer hovudsakleg søkjarar som kan arbeide i samanhengande periodar i hovudferien. 
Ferievikarar må framvise politiattest av nyare dato.


Arbeidsoppgåver

  • Pleie og hjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Dokumentasjon
  • Reinhald
  • Kjøkkenarbeid

Kvalifikasjonar

  • Ufaglærte
  • Studentar innan helsefag  
  • Helsefagarbeidar
  • Sjukepleiar

Personlege eigenskapar

  • Omsorgsfull 
  • Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
  • Positiv og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
  • Like utfordringar
  • Interesse for faget 
  • Erfaring frå pleie- og omsorgsteneste er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • God opplæring
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Innhaldsrike arbeidsdagar
  • Nyttig praksis og erfaring frå pleie- og omsorgsarbeid for vidare utdanning i faget 
  • Kompetansemidlar til studenter med relevant utdanning.

Kontaktinformasjon

Jane Petrin Solheimsnes, Kommunalsjef, +47 46411003

Arbeidsstad

Maråkvegen 36

6216 Geiranger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune


Referansenr.: 4922404759

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Maråkvegen 36, 6216 Geiranger
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
393437850
Sist endret
13. feb. 2025 08:21