ID 961 Barnehagelærar 100 % vikariat Svingen Barnehage

Arbeidsgiver
Svingen barnehage, Fitjar kommune
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
06.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Frå snarast er det ledig eit års vikariat 100 % stilling som barnehagelærar i Svingen barnehage med høve til forlenging om det blir naudsynt. Dersom den ein er vikar for skulle komme tilbake så kan ein bli sett inn i vikariat i ein av dei kommunale barnehagane i kommunen.

Svingen barnehage ligg like utanfor Fitjar sentrum. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til turområde i utmark, skog og fjell. Barnehagen er nyleg bygd med moderne fasiliteter.


Me søkjer etter medarbeidarar som har:
  • 3-årig barnehagelærarutdanning

  • Kunne ta del i det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og vera med på å motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna

  • Har stor interesse for friluftsliv og evne til å engasjera barna i utandørs aktivitetar

  • Er ein positiv lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Kan bidra til at barn opplever meistring og glede i kvardagen

  • Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig

  • Er fleksibel, viser arbeidsglede og har god relasjonskompetanse

  • Har evne og vilje til å engasjera deg i leiken på det nivået barna treng deg

  • God IKT kompetanse


Me kan tilby:
  • Personleg og fagleg utvikling

  • God offentleg tenestepensjon i KLP

  • Løns- og avtalevilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål kring stillinga kan rettast til etatssjef for oppvekst og kultur André Sæthre, telefon 400 43 230.

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
393445070
Sist endret
13. feb. 2025 09:11