Rådgiver/kvalitetsmedarbeider

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk / Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgiver/Kvalitetsmedarbeider
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Regional avdeling spiseforstyrringar er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssykehus. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområde. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling og Avdeling psykosomatisk medisin.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) skal vere leiande i fagfeltet.    

Som ei av fire regionale einingar for spiseforstyrringar i Noreg, behandlar vi pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe saman med Psykisk helsevern for barn og unge.

Som rådgiver/kvalitetsmedarbeider ved RAS vil du saman med merkantil ha ansvar for å samle inn data til lokale og nasjonale register. I samarbeid med avdelingssjef og avdelingsoverlege vil du ha ansvar for å utføre kvalitetskontroll for å undersøke om behandlinga ved RAS er av god kvalitet og i samsvar med gjeldande retningslinje. Dette som eit ledd i vår internkontroll.

Vikariatet er ledig frå 01. mars til 31. desember 2025


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å samle inn data til til lokale og nasjonalt register
  • Registrere data i tråd med prosjektplan for internkontrollved RAS
  • Administrere og analysere data i SPSS
  • Presentere resultat som ledd i vår internkontroll

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan helse- og kvalitetsarbeid
  • Erfaring med databehandling og statistikkprogram som SPSS
  • Analytiske ferdigheter og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og med eit auge for detaljar
  • Du har god evne til samarbeid
  • Du er strukturert og beslutningsdyktig
  • Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt miljø 

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
  • Høgt fagleg nivå på behandling av alvorlege spiseforstyrringar
  • Opplæring og rettleiing
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Svetlana Raknes, Avdelingsoverlege, 55976838, svetlana.raknes@helse-bergen.no

Signe Haugen, Avdelingssjef, +47 55976822, signe.haugen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4915175015

Stillingsprosent: 40%

Engasjement

Startdato: 03.03.2025

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 23.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
393475223
Sist endret
13. feb. 2025 12:43