Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsgiver
Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Frist
06.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ledige stillingar i Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for psykisk helsevern barn og unge - Døgnseksjon PHBU Ålesund og Molde.

Døgnseksjonen i Ålesund har ledig 2 faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar, på 75% Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.
Stillingane medfører turnus og f.t arbeid kvar tredje helg. Ved eventuell intern rokkering kan andre stillingsprosentar verte ledig.

Døgnseksjonen, psykisk helsevern for barn og ungdom, er ein del av helsetilbodet til barn og unge med psykiske lidingar i Møre og Romsdal. Vi har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for akutt hjelp og 2 plassar for planlagde innleggelsar.

Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi har ei familieleiligheit som kan nyttast når foreldre/pårørande bør vere med. Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Seksjonen vår behandlar pasientar med ulike diagnosar, og kan karakteriserast som ein allmenpsykiatrisk seksjon. 
Behandlinga vert individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på seksjonen. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV 


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi
  • Delta i mini-team og følge opp avtalt behandlingsopplegg for pasientane
  • Mottak og utskriving av pasientar
  • Samhandling med andre seksjonar og samarbeidsinstansar
  • Medverke til fagutvikling
  • Praktiske oppgåver i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Utdanning  og autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Ønskeleg med relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du trivast med å jobbe i team, samtidig som du kan vere sjølvstendig
  • Du trivast med å jobbe i tett samarbeid med både kollega, pasientar og pårørande
  • Du er roleg og empatisk
  • Du har arbeidshelse til å handtere ein tidvis hektisk kvardag
  • Du er oppteken av frivillegheit og brukarmedverknad
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Geilebergvegen 20

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4888308196

Stillingsprosent: 75%

Fast

Startdato: 20.01.2025

Søknadsfrist: 06.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
393484033
Sist endret
13. feb. 2025 01:46