Lege i spesialisering i Nevrologi - faste stillingar og årsvikariat
- Arbeidsgiver
- Nevroklinikken/Nevrologisk avdeling, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering i Nevrologi - Faste stillinger og årsvikariater
- Frist
- 25.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med på laget?
Nevrologi er eit spanande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tek raske avgjersler der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistorier og litteratur for å avklare komplekse tilstander. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Som svar på aukande behov, satsar Helse Bergen no på forsterka nevrologiske tenester, spesielt med auka ressursar til nevrologisk forvakt frå våren 2025.
Nevrologisk avdeling har difor glede av å lyse ledig 3 faste stillingar og 2 årsvikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi. Ved intern tilsetting i fast stilling, kan fleire vikariat bli ledig. Vikariata har 12 mnd varigheit, med gode høve til forlenging av vikariat og vidare spesialisering i Nevrologi. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga. Oppstart for stillingane er 01.04.2025 eller etter avtale.
Cand.med. kan og søke vikariat og blir vurdert for tilsetting i påvente av LIS1-plass, dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar.
Som Cand.med. i LIS-vikariat får du gruppeveiledning på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i høve til erfaring og kompetanse.
Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Om du er interessert i forsking, er det gode høve for å kombinere klinisk spesialisering og forskerløp inkludert PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga.
Vi legg vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.
For fast tilsetting gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i nevrologi. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering og oppfølging av pasientar i vakt, på sengepost og i poliklinikk under supervisjon frå erfarne spesialistar.
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
- Gje god omsorg for pasient og pårørande
- Deltaking i internundervisning og praktisk undervisning for legestudentar
- Involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS 2/3 må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrologi
- For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
- Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring og fagleg motivasjon
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Petter Schandl Sanaker, Avdelingssjef, +47 55976059, petter.schandl.sanaker@helse-bergen.noCarolin Sparchholz, LIS-tillitsvalgt, 94185532, carolin.sparchholz@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4920502486
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 25.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege
- FINN-kode
- 393575261
- Sist endret
- 14. feb. 2025 08:19
Mer som dette
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/11/6/393/215/436_4f72bc5d-62ea-40d0-bf27-a34a2c773cf6.png)