Helsesekretær/ sekretær

Arbeidsgiver
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Helsesekretær/ sekretær
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har no ledig eit årsvikariat som helsesekretær/ sekretær. Tilsetting etter avtale med seksjonsleiar.

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining i Ålesund og ei familieeining i Molde. BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø, som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi har også etablert eige nevroteam med eigen ADHD- sykepleiar.

Dersom du synest det høyrast spennande ut å vere ein del av teamet vårt, ønskjer vi å kome i kontakt med deg!

Arbeidsoppgåver

  • Telefonbetening
  • Mottak av pasientar og føresette
  • Dokumentasjon i journalsystem, brevskriving, posthandtering
  • Skåring og skanning av testar
  • Deltaking i organisering av pasient- og pårørandeopplæring

Kvalifikasjonar

  • Helsesekretær/ sekretær med erfaring frå arbeid i helserelatert funksjon
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Må ha gode datakunnskapar
  • Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturerer eiga arbeidskvardag
  • Du arbeider systematisk og målretta

Å være personleg eigna vil være vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Kontaktinformasjon

Kristin Silseth, Seksjonsleiar, +47 41635875, kristin.silseth@helse-mr.no

Arbeidssted

Nøisomhedvegen 12
6416 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4910591736
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Kontor og administrasjon
FINN-kode
393592553
Sist endret
14. feb. 2025 10:55