Barnevernspedagog/ sosionom med klinisk vidareutdanning

Arbeidsgiver
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Barnevernspedagog/ sosionom med klinisk vidareutdanning
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har ledig vikariat for klinisk sosionom/ barnevernspedagog med erfaring frå arbeid med barn i alderen 6-18 år og familien deira.

Søkjarar som ikkje er ferdig med, eller ikkje har starta med si kliniske utdanning, er også velkomne til å søkje.

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP), og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining Ålesund og ei familieeining i Molde. BUP i Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Våre tilsette på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. Vi har blant anna eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes OCD, TF-CBT, FBT og PEF.  Vi har også eige nevroteam med eigen ADHD sykepleiar. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er forventa arbeidsoppgåve.

Dersom du synest dette høyrast spennande ut, og du tenkjar du har relevant kompetanse, så ønskjer vi å kome i kontakt med deg!


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og unge med psykiske vanskar
  • Utgreiing og behandlingsarbeid gjennom samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar
  • Ansvar for framdrift og koordinering av pasientforløp
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
  • Samarbeid internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Sosionom/ barnevernspedagog eller tilsvarande høgskoleutdanning
  • Ønskje om klinisk vidareutdanning, t.d. som familieterapeut
  • Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
  • Gjerne erfaring frå foreldrerettleiing både individuelt og i gruppe
  • Ønskje om erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar 
  • Ved tilsetting må politiattest leggast fram

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
  • Du er målretta, løysningsorientert og fleksibel
  • Du har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Du er god til å strukturere din eigen arbeidskvardag  

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Kontaktinformasjon

Kristin Silseth, Seksjonsleiar, +47 41635875, kristin.silseth@helse-mr.no

Arbeidssted

Nøisomhedvegen 12

6416 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4910588778

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.05.2025

Sluttdato: 01.05.2026

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
FINN-kode
393593119
Sist endret
14. feb. 2025 11:00