Faste helgestillingar 

Arbeidsgiver
Korttid/rehabilitering
Stillingstittel
Faste helgestillinger
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du oppteken av god individretta pleie?

Me søkjer deg med helsefagleg utdanning eller deg som er student i helsefag (helsefag, sjukepleiar, vernepleiar etc) som er interessert i fast helgestilling hos oss på Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu og helsesenter (BBH). Me har to helgestillingar ledige: 

  • 1) Langvaktshelg: 17% langvakt lørdag og søndag (08.00 - 20:30) med arbeid kvar 4 helg.  
  • 2) 19 % stilling med arbeid kvar 3 helg (Fredag -Lørdag og Søndag). 

Oppstart etter avtale.

KOR er ein spanande avdeling som per i dag har 11 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar, der eit av romma er øyremerka palliasjon. Pasientane kjem til avdelinga anten frå sjukehus eller heimen, og er inne på kortare eller lengre opphald. KOR er ei aktiv avdeling med høg faglig kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Me har tverrfagleg samarbeid med lege, heimeteneste, tenestekontor, samt ergo- fysioterapitenesta.

Høyres dette spanande og relevant ut for deg? Då ser me fram til å motta din søknad!


Arbeidsoppgåver

Du vil arbeide med fagleg dyktige kollegaer og gi individretta pleie og behandling tilpassa kvar pasient. Arbeidet inkludera aktiv rehabilitering, dokumentasjon i journalsystem, og rutinearbeid på avdelinga (kjøkken, skylleromsarbeid, etc.).

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg at du har eller er under helsefagleg utdanning (helsefag, sjukepleiar, vernepleier etc.). 
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid. 
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå. 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som: 

  • Kommuniserer godt og samarbeider effektivt.
  • Er sjølvstendig og finn løysingar.
  • Er engasjert og tilpassingsdyktig.
  • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og er ein lagspelar. 

Ved vurdering av dei best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Eit levande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med engasjerte medarbeidarar.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4 

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Isabel Knutsen, avdelingssjukepleiar KOR.

Kontaktinformasjon

Isabel Knutsen, 909 34 641

Arbeidsstad

Leirdalen 25

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune


Referansenr.: 4922455024

Stillingsprosent: 19%

Fast

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
393617585
Sist endret
14. feb. 2025 01:02