Lærling energioperatør
- Arbeidsgiver
- Sognekraft
- Stillingstittel
- Lærling energioperatør
- Frist
- 07.03.2025
Beskrivelse
Lærling energioperatørVil du lære korleis fornybar energi blir produsert?
Sognekraft Produksjon produserer fornybar energi og driftar 20 kraftverk, fire av dei er heileigde. Sognekraft Produksjon har fleire spanande prosjekt under utvikling, mellom anna bygging av Feios kraftverk, som skal vera klar for drift i løpet av hausten 2025.
Vedlikehaldsgruppa held til i Årøy og består av 13 gode kollegaer som har ein arbeidskultur der vi legg vekt på godt samarbeid. Med 20 kraftverk fordelt i Sogn og Fjordane, og eit fjordenergianlegg, må du vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss, og det er ein fordel å vere i god form og like fysisk aktivitet. Me har stor medverknad på eigen arbeidskvardag og blir motiverte av å løyse oppgåvene våre, som sikrar optimal kraftproduksjon på ein god og trygg måte.
Arbeidsoppgåver
- Utføre vedlikehaldsoppgåver på vasskraftverk og fjordenergianlegg
- Sikre at kraftverka er driftsklare, inkludert kontroll og feilretting
- Arbeide og ivareta tryggleiken på arbeidsstaden
- Arbeide på alle komponentar på energi- og kraftanlegg
- Skape godt forhold mellom partnarar/kundar og Sognekraft
Me ønskjer at du har
- Fullført VG1 og VG2 innan relevante fagområde eller fullfører i løpet av sommaren 2025
- Førarkort kl. B, eller planlegg å ta det i løpet av 2025
- Interesse for elektro- og maskinfaget innan vasskraft og vil lære meir
Kven ser me etter?
Me ser for oss at du er ein person som er påliteleg og strukturert. Du er opptatt av tryggleik og trivst med å jobbe. Teknologi og nyvinningar interesserer deg, og du ønskjer å finne gode løysingar, anten det er åleine eller saman med resten av vedlikehaldsgruppa. I tillegg trivst du med å vere i god form og likar fysisk aktivitet.
Om arbeidsgjevar
Hjå oss vil du bli ein del av ei gruppe som
- Set tryggleik fremst. Tryggleik for liv og helse har alltid første prioritet. Vi er i ein bransje der feilvurdering av mekaniske og elektriske krefter kan få alvorlege konsekvensar.
- Fremjar trivsel. Trivst medan vi jobbar. Det er alltid rom for ein god vits eller ei morosam historie. Vi meiner sjølv vi har utvikla ein positiv og god arbeidskultur!
- Jobbar saman: Samla er vi sterke! Vi trur på å jobbe saman og støtte kvarandre. Enten det er å løyse utfordringar eller å feire suksessar, er vi alltid der for kvarandre.
- Er nyskapande: Vi er opptekne av berekraft og korleis vi kan gjere verda til ein betre stad. Vi likar å diskutere idear og dele kunnskap om korleis vi kan bidra til betre løysingar.
Er du klar for å bli med på laget?
Du passar til jobben om du har du teknisk interesse og praktisk sans, og er på jakt etter dei gode løysingane enten åleine eller med oss andre i vedlikehaldsgruppa.
Ta kontakt med kraftverkssjef Bjarte Haugen på tlf. 413 24 789
- Sektor
- Privat
- Sted
- 6857 Sogndal
- Stillingsfunksjon
- Håndverker / Elektriker, Produksjon, Annet
- FINN-kode
- 393629191
- Sist endret
- 14. feb. 2025 01:43
Mer som dette

