Ferievikarar i kommunalteknikk og eigedomsavdelinga 2025

Arbeidsgiver
Kommunalteknikk, Gloppen kommune
Stillingstittel
Ferievikarar i kommunalteknikk og eigedomsavdelinga 2025
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi har behov for to ferievikarar til kommunalteknik og eigedomsavdelinga, og søkjer etter arbeidstakarar over 18 år. Du må kunne arbeide sjølvstendig, kunne ta ansvar og ha gode samarbeidsevner. Det blir gjeve opplæring.
 
Det vert lagt opp til 100% stilling med 37,5 timar pr. veke i sommarmånadane. Stillingane er ledig i tidsrommet juni, juli og august 2025. Du må skrive i søknaden kva tidsrom du kan jobbe.



Arbeidsoppgåver

Arbeidet vil i all hovudsak dreie seg om vedlikehald av grøntarealet ved dei ulike skulane, barnehagane, bukollektiva idrettsanlegg og parkanlegga som kommunen har ansvar for.
I tillegg kan andre arbeidsoppgåver, som t.d. enkle vaktmeisteroppgåver som utvendig målararbeid, bosstømming i Sandane sentrum m.m, bli lagt til denne stillinga, 

Kvalifikasjonar

Vi krev ikkje formell utdanning i denne stillinga, men for å kunne søkje på stillinga må du ha førarkort for personbil. Vi søkjer etter to positive, arbeidsvillige og ansvarsbevisste medarbeidarar.

Personlege eigenskapar

Om du er ein positiv person med godt humør og god arbeidslyst og likar å arbeide ute, ja då må du søkje på denne sommarjobben.
Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i team og ta ansvar for jobben du vert tilsett i. Det er også viktig at du tek godt vare på utstyret som du skal nytte i arbeidet.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

 

#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord

Kontaktinformasjon

Kjell Petter Solhaug, Tenesteleiar kommunalteknikk, 995 17 295

Hans Petter Almenning Eldevik, Tenesteleiar eigedomsavdelinga, +47 90791986

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4922127960

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 09.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Håndverker, Annet, Driftsoperatør/vaktmester
FINN-kode
394051385
Sist endret
17. feb. 2025 09:02