Konsulent

Arbeidsgiver
Valle kommune
Stillingstittel
Konsulent
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Velkomstsenteret har ledig eit 2-års vikariat i 60% frå 01.03.2025 - 31.12.2026. Stillinga kan i periodar variere frå 60% -100% ut frå behov for ressursar og type arbeidsoppgåver vi har.  Det er ønskjeleg at den som vert tilsett er fleksibel i høve dette. Velkomstsenteret har ansvar for mykje av fellestenestene i kommunen som mellom anna post, arkiv, fakturering og politisk sekretariat. I tillegg utfører vi også ein del administrative tenester både internt og eksternt. 



Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for produksjon av bygdenytt
  • Ansvarleg for Valle kommune sine SoMe kanalar
  • Ansvarleg for Valle kommune sin aktivitetskalender på heimesida
  • Koordinator for ungdomsrådet
  • Møtesektetær for ungdomsråd, eldreråd og rådet for personar med funksjonsnedsetting
  • Deltek i rullering på sentralbord
  • Handsaming av ulike typer søknader som TT-kort, Parkeringsløyve og utdanningsstipend for ungdom.
  • Anna relevant sakshandsaming
  • Vikar for politisk sekretariat
  • Hovudansvaret for sentralbordet i feriar

Det kan bli behov for endring i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med publisering på nett t.d heimeside og SoMe
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Må skrive på nynorsk
  • Kunne bruke officeprogram, InDesign, Facebook, Instagram og LinkedIn
  • Ein fordel å kunne elements som er vårt sak/arkivsystem
  • Ein fordel å ha kjennskap til kommunal sakshandsaming

Personlige eigenskapar

  • Blid og omgjengeleg
  • Må vere sjølvstendig og jobbe godt i team
  • Løysingsorientert
  • Nysgjerrig på nye løysingar og system
  • Må like ein hektisk arbeidskvardag med varierte oppgåver og fristar
  • God relasjonskompetanse. Dette er viktig fordi det er mange ulike grupper personer du skal arbeide med.
  • Personleg eignaheit vert lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med tariff
  • Bedriftsleiligheit i Kristiansand
  • Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår.
  • Full kulturskuledekning
  • Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
  • Ei triveleg bygd å bu i

 

Viktig for søknaden din:

  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

 

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

 

Kontaktinformasjon

Gunn Marith Homme, Enhetsleder, 91837000, gunn.marith.homme@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Kjellebergsvegen 1

4747 VALLE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune


Referansenr.: 4919250280

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Startdato: 01.03.2025

Sluttdato: 31.12.2026

Søknadsfrist: 23.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Annet, Konsulent
FINN-kode
394100163
Sist endret
17. feb. 2025 02:05