Tilkallingsvikarar

Arbeidsgiver
Legetenesta
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar
Frist
09.03.2025

Beskrivelse

Ynskjer du å gjera ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? 

Legetenesta i Bømlo kommune søkjer etter tilkallingsvikarar for hjelpepersonell. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding og søknader vert behandla fortløpande.

Klikk her for meir informasjon om legetenesta og legekontora i Bømlo kommune.


Arbeidsoppgåver

Som tilkallingsvikar vil du delta i mange av dei daglege oppgåvene på eit legekontor, blant anna:

  • Arbeid i resepsjon med å besvare telefoner og e-kontakt.
  • Laboratoriumarbeid med blodprøvetaking.
  • Skadestovearbeid med bl.a. injeksjoner, EKG-taking og sårbehandling.

Me kan lova ein spanande og variert arbeidskvardag. Du vil få introduksjon/opplæring, med høve for læring og utvikling.  

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Om Legetenesta
Legetenesta i Bømlo kommune er desentralisert og har i dag 15 legar fordelt på 3 kontor.
Øyane Helsehamn, Bremnes
Moster legesenter, Moster
Bømlo legekontor, Langevåg

Kontora er godt utstyrt og har stabil hjelpepersonelldekning med sjukepleiarar, bioingeniørar og helsesekretærar.
Målet med legetenesta i Bømlo kommune er å sikre befolkninga ei fagleg god og stabil legeteneste.

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer etter sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær eller studentar innan desse fagområda, samt legestudentar.  
  • For arbeid i legetenesta må du ha fylt 18 år.
  • Ein må vera villig til å arbeide ved ulike kontor.
  • Førarkort er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og engasjert.
  • Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
  • Du er påliteleg og ansvarsfull.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.
  • Du handterar ein travel arbeidskvardag.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Ein arbeidskvardag i moderne og gode lokaler.
  • Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
  • Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.

Anna informasjon

  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. 
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Monica Tofte Amundsen.

Kontaktinformasjon

Monica Tofte Amundsen, monica.tofte.amundsen@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad



 Bømlo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune


Referansenr.: 4924292197

Stillingsprosent: 100%

Fast

Sektor
Offentlig
Sted
Mostravegen 546, 5440 Mosterhamn
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
394107621
Sist endret
18. feb. 2025 06:51