Lærar

Arbeidsgiver
Bø skule
Stillingstittel
Lærar - fast/vikar
Frist
10.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vår nye lærar?

Vi søkjer fagleg dyktige og engasjerte lærarar som ønskjer å gjere ein forskjell i elevars skulekvardag!
Vi har ledige stillingar, fast og vikariat, frå 01.08.2025. Utlysinga gjeld stillingar på alle trinn i barneskulen.

Bø skule er ein barneskule med 460 elevar og 75 tilsette. Vi er opptatt av å inkludere alle elevar i læringsmiljøet og å ruste elevane for livet og framtida. Vårt motto er: SKO deg for livet! SKO = Samarbeid, kontinuerleg framgang og omsorg.

Bø skule jobbar med utviklingsarbeid innan inkluderande læringsmiljø og utforskande praksis i samarbeid med USN. Skulen har fokus på praktiske og estetiske fag, i tillegg til dei grunnleggjande ferdigheitene; lesing, skriving, rekning, munnleg og digital kompetanse. Vi har dyktige tilsette som kvar dag arbeider for at elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø.


Kvalifikasjonar

Krav til utdanning

  • GLU 1-7 og GLU 5-10, allmennlærarutdanning, faglærarutdanning med PPU, eller anna godkjend lærarutdanning
  • Lærerar med godkjent antall studiepoeng i fag: Norsk, engelsk, matematikk, musikk, m.fl.

Ønskja kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer lærarar med spesialpedagogisk kompetanse
  • Vi ønskjer lærarar som kan vere kontaktlærar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • er positiv og har rause haldningar
  • har gode samarbeidsevner og vil vere med å utvikle skulen
  • er tydeleg på klasseleiing
  • har evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • evnar å bygge gode relasjonar med elevar, føresette, kollegar og eksterne samarbeidspartnarar
  • er fleksibel i skulekvardagen
  • likar utfordringar

Personlege eigenskapar vektleggast

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Ruth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024, rute1501@mt.kommune.no

Arbeidsstad

Gamleveg 71

3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune


Referansenr.: 4924051131

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Gamleveg 71, 3802 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
394174535
Sist endret
18. feb. 2025 06:53