Kantor/organist/kyrkjemusikar

Arbeidsgiver
Aukra Sokn
Stillingstittel
Kantor/organist/kyrkjemusikar
Frist
17.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Spennande stilling som kyrkjemusikar i Aukra sokn

Vi søker kantor / organist / kyrkjemusikar i 60 % fast stilling

Aukra kyrkjelege fellesråd har ledig 60 % fast stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar i
Aukra sokn.

Aukra er ein eittsoknskommune med 3700 innbyggarar, der om lag 2550 personar bur på
hovudøya Gossen og 1150 i fastlandsdelen Julsundet. Ferja mellom Gossen og Julsundet går
jamleg og tek 12 minutt. Kommunen har godt utbygde servicetilbod, eit aktivt kultur- og
idrettsliv og stor kristeleg aktivitet.

Aukra kyrkje er ei åttekantkyrkje i tømmer frå 1835 og ligg på Gossen. Kyrkja har eit 17
stemmers pipeorgel med to manualar og pedal frå frå 1995, levert av Th. Frobenius & Sønner,


Arbeidsoppgåver

  • Leie det kyrkjemusikalske arbeidet ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar i
    Aukra kyrkje. I tillegg kjem inntil 10 gudstenester i året i Julsundet.
  • Samarbeide med andre tilsette om trusopplærings-, konfirmant-, diakoni- og anna
    kyrkjelydsarbeid
  • Rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan ta del i song- og
    musikklivet i kyrkjelyden
  • Ha ansvar for konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med kollegaer,
    frivillige og sokneråd
  • Følgje opp kyrkjelyden si kyrkjemusikalske verksemd i tråd med soknerådet sine
    planar og prioriteringar
  • Vere rådgivar for sokne- og fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål
  • Ha ansvar for tilsyn med og vedlikehald av kyrkja sine instrument og øvrige
    musikkutstyr

Kvalifikasjonar

  • Kvalifikasjonskrav i samsvar med tenesteordning for kantorar eller minimum 3 års utdanning innan kyrkjemusikk. Anna musikalsk utdanning og erfaring kan også bli
    vurdert
  • Søkar må ha allsidig orgel- og pianoferdigheit
  • Må kunne meistre fleire musikksjangrar, vere komfortabel med samspel og ha
    kunnskap og erfaring med korleiing
  • Må ha evne til å organisere og gjennomføre prosjekt
  • Må ha gode kunnskapar om norsk salme-, liturgi- og gudstenestetradisjon
  • Må kunne norsk eller skandinavisk språk, munnleg og skriftleg
  • Må være medlem av Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for teamarbeid og å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Interessert i, og open for, musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
  • Initiativrik, engasjert og inspirerande
  • Gode pedagogiske evner
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Grunnleggande datakunnskap
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
  • Stort handlingsrom for skaping, samskaping og trivsel
  • Kontor i kontorfellesskap på Aukra kyrkjelydshus
  • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande avtaleverk for kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsordning i KLP

Søknad og kontaktinformasjon:

  • Søknad med vitnemål og attestar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no
  • Søknadsfrist: 17.03.2025
  • Prøvespel må påreknast
  • Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting, jf.
    Trussamfunnslova § 20
  • Prøvetid: 6 mnd.
  • Kontaktpersonar: Leiar i Aukra sokne- og fellesråd Erlend Melby, e-post
    erlend.melby@korsvikbakken.com, tlf. 922 20 253 eller fung. kyrkjeverje Max Ingar
    Mørk, e-post max.mork@aukra.kommune.no, tlf. 951 85 921

Vi gjer merksam på at vi også har ledig 40 % stilling som kateket / kyrkjelydspedagog.
Dersom søkaren er kompetent og interessert, kan ulike kombinasjonar av stillingane
diskuterast.

Kontaktinformasjon

Erlend Melby, Leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd, 922 20 253

Max Ingar Mørk, Fung. kyrkjeverje, 951 85 921

Arbeidsstad

Skogvegen 1a

6480 Aukra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Aukra Sokn


Referansenr.: 4924685047

Stillingsprosent: 60%

Fast

Søknadsfrist: 17.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Skogvegen 1a, 6480 Aukra
Stillingsfunksjon
Annet, Ledelse
FINN-kode
394213443
Sist endret
18. feb. 2025 12:40