
Ferievikarar Medisinsk sengepost, Nordfjord sjukehus
- Arbeidsgiver
- Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde
- Stillingstittel
- Ferievikarar Medisinsk sengepost NSH
- Frist
- 09.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Medisinsk sengepost, Nordfjord sjukehus har behov for ferievikarar sommaren 2025.
Vi treng både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar med erfaring i perioden 23.06.2025- 17.08.2025
Vi er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger.
Vi er lokalsjukehus for Nordfjord, og tek i mot det meste av augeblikkeleg hjelp frå dette området.
Ber om at det blir opplyst i søknaden kva arbeidsperiode og stillingsprosent som er ønskjeleg.
Arbeidsoppgåver
- Observasjonar, triagering og målingar av vitale parameter
- Gruppeleiing og medikamenthandtering
- Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
- Mottak av pasientar, kartlegging av hjelpebehov
- Observasjon og måling av kliniske parametrar
- Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
- Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten
- Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
- Todelt turnus for helsefagarbeidar/studentar
- Tredelt turnus for sjukepleiarar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Sjukepleiarstudent
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga
- Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
- Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du likar å arbeide i spennande og gjerne krevjande situasjonar
- Du trivast i arbeid som krev at du må halde deg fagleg oppdatert, og finne løysingar på korleis ein kan utvikle faget
- Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er fleksibel og engasjert
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Kontaktinformasjon
Ida Kristin Skålbones, Einingsleiar, +47 977 02 704Arbeidssted
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4924217383
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 09.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 394217903
- Sist endret
- 18. feb. 2025 01:06
Mer som dette


