Koordinator for Summer internship 2025
- Arbeidsgiver
- Sykkylven kommune
- Stillingstittel
- Koordinator for Summer internship 2025
- Frist
- 16.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vere med å koordinere Summer internship i Sykkylven kommune?
Vi ser etter deg som vil vere med å organisere aktivitetar for unge mellom 18 og 25 år som har fått seg sommerjobb i Sykkylven.
Du vil vere ansvarleg for å planlegge og gjennomføre varierte og spennande aktivitetar som fremmar fellesskap, samarbeid og moro blant deltakarane. Du skal vere med på å formidle korleis ein Sykkylvssommar kan sjå ut i frå eit ungt perspektiv.
Vi ser etter deg som er sjølvstendig, likar å samle folk, tør å tenke utanfor boksen. Vi treng deg som vil vere med å vise at Sykkylven er eit sommarmekka! Du vil vere med på å forme innhaldet i denne stillinga i lag med oss.
Vi tilbyr ein kreativ sommarjobb der du får stor friheit over eigen arbeidsdag og gode moglegheiter til å sette ditt preg på prosjektet.
Kompetanse og personlege eigenskapar
- Førarkort klasse B
- Høg kompetanse innan sosiale medier, særleg Instagram, Snapchat og TikTok
- God på å snakke og skrive på norsk og på engelsk
- Likar å vere sosial og kople folk ilag
- Proaktiv og løysingsorientert
Arbeidsperiode vil vere 1.juni-15.august. Nøyaktige datoar kan avtalast nærmare.
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid, det vil variere og vere avhengig av aktivitetar som blir satt opp.
- Lønn etter avtale
Nøl ikkje med å ta kontakt med Lise Haukeberg, programleiar omstillingsprogrammet for spørsmål om stillinga, vil gjerne høyre i frå deg!
Dette er eit pilotprosjekt i regi av omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune, og det er med atterhald om endringar i omfang og innhald vi lyser ut denne stillinga.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd
Kontaktinformasjon
Lise Haukeberg, programleiar omstillingsprogrammet, lise.haukeberg@sykkylven.kommune.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4924336448
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2025
- Sted
- Haugneset 16, 6230 Sykkylven
- Stillingsfunksjon
- Markedsfører, Annet, PR og informasjon
- FINN-kode
- 394238172
- Sist endret
- 18. feb. 2025 02:26
Mer som dette
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/04/7/391/211/977_067b7280-dcc8-4f92-956d-47f75bf21e4b.jpg)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/03/9/391/952/579_57f8e9ed-70fe-4b8c-8c19-a4094efe530f.jpg)