Helgestilling, sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin/ AFR Tertnes, Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar - fast helgestilling
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er
ein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost og
poliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar, 1 lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk sosionom, kunst- og
uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi jobbar
tverrfagleg der alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga rundt
pasienten.

Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner.
Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har
tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg
tilbod om brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare
fasar. 

Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt
tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar
tverrfagleg ut i frå eit obligatorisk behandlingsprogram, mellom anna beståande
av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og mentaliseringsbasert
miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg
oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.

Vi har no ledig ei helgestilling kor det er moglegheiter for arbeid kvar 3. helg med dag- og kveldsvakter eller kvar 4. helg med langvakter. 


Arbeidsoppgåver

  • Rusbehandling
  • Medisinering
  • Abstinensbehandling
  • Motivasjonsarbeid for å skape endring
  • Tverretatleg samarbeid for å betre pasientens livssituasjon

Kartlegging og tiltak:

  • Kartlegging av sosialt nettverk, arbeid, skole og anna
  • Kartlegging av rusmiddelbruk
  • Kartlegging av somatisk og psykisk helse
  • Vurdering av andre tilbod og behandling
  • Koordinering av tiltak saman med aktuelle samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Forarkort klasse B
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Du må ha:

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
  • evne til å sjå pasientane sine behov
  • positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
  • respekt for kvar enkelt pasient
  • erfaring med pasientgruppen er ønskeleg

Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Emma-Louice Jansdotter Håvåg, Leiar, 90713289

Arbeidsstad

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4923171544

Stillingsprosent: 18%

Fast

Søknadsfrist: 03.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
394467484
Sist endret
20. feb. 2025 08:10