Ledig stilling i reinhaldssentralen

Arbeidsgiver
Fjaler kommune Reinhaldssentralen
Stillingstittel
Reinhaldar til reinhaldssentralen - to 60 % faste stillingar
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Reinhaldssentralen har no ledig to 60 % faste stillingar og vi ser etter deg som liker å jobbe med reinhaldsoppgåver, som er nøyaktig og har eit auge for detaljar. Om du ynskjer å ta fagbrev som reinhaldsoperatør kan vi legge til rette for at du kan gjere det parallelt med arbeidet.

Om dei to stillingane:
  • 60 % stilling som reinhaldar i Våge barnehage. På sikt kan det vere mogleg å auke stillingsprosenten. Stillinga har arbeidstid på dagtid måndag til fredag, med start kl. 06.00. Oppstart i denne stillinga er snarast mogleg.
  • 60 % stilling som reinhaldar i kommunale bygg: Stillinga har arbeidstid på dagtid måndag til fredag, med start kl. 06.00. Oppstart i denne stillinga er 01.07.2025
Arbeidsoppgåver
  • Dagleg og periodisk reinhald
  • Vedlikehald av golv
  • Hovudreinhald
  • Andre oppgåver innan reinhaldsfaget

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som reinhaldsoperatør. Søkjarar med erfaring og/eller interesse for å jobbe med reinhald blir vurdert om vi ikkje får søkjarar med fagbrev.
  • Minimum B1 nivå på norsk skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha fylt 18 år
  • Sertifikat kl. B og disponere eigen bil

Ønskjeleg

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør
  • Erfaring med bruk av ulike reinhaldsmaskiner.
Personlege eigenskapar
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Serviceorient og omgjengeleg
  • Trivast med varierte reinhaldsoppgåver og fysisk arbei

Vi vektlegg at du er personleg egna til stillinga

Vi tilbyr
  • Løn etter tariff
  • 10 000 kroner tillegg som er alltid på topp av grunnlønn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Å legge tilrette for at du kan ta fagbrev som reinhaldsoperatør parallelt med arbeidet

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
394469839
Sist endret
20. feb. 2025 08:40