Har du interesse for Integreringsarbeid?

Arbeidsgiver
Fjaler kommune Integreringstenesta
Stillingstittel
Integreringskonsulent 100 % vikariat
Frist
06.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig eit 100 % vikariat som integreringskonsulent i Integreringstenesta. Vikariatet har varigheit på ni månader med moglegheit for forlenging. Fjaler kommune har busett nærare 100 flyktningar sidan 2015, og vil etter planen busetje fleire i åra som kjem. For tida er det 2 faste stillingar i tenesta. Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling er næraste overordna.

Som integreringskonsulent hos oss vil du ha tett samarbeid med dei tilsette og leiaren i Integreringstenesta. Du vil i hovudsak ha praktiske oppgåver i samband med mottak av nye flyktningar og rettleiing og hjelp til dei som allereie er busett i kommunen. Det er viktig at du er god på å skape relasjonar og har interesse for å drive godt integreringsarbeid.

Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir, vi ser fram til å høyre frå deg.

 

Arbeidsoppgåver 
  • Rettleiing og oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet
  • Vere med å sikre god oppfølging av den einskilde i samarbeid med mellom anna lege/helsestasjon, skule/barnehage, vaksenopplæring og NAV.
  • Kontakt med arbeidsgjevarar og oppfølging av deltakarar i språkpraksis
  • Praktisk arbeid i samband med busetjing
  • Rettleiing på personleg økonomi og bustad
  • Koordinering fritid barn og unge
  • Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar
  • Sakshandsaming
  • Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid kan bli aktuelt i periodar
Kvalifikasjonar
  • Relevant 3-åring høgare utdanning
  • Søkjarar med fagbrev eller relevant erfaring kan og søkje og vil bli vurdert
  • Erfaring frå arbeid med rettleiing av menneske er ein fordel, men ikkje noko krav
  • Grunnleggande digital kompetanse og evne til å sette seg inn i fagsystem  
  • Evne til å sette seg inn i lover og regelverk som gjeld tenesta
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
  • Interesse for integreringsarbeid
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide løysingsorientert, strukturert og sjølvstendig
  • Fleksibel, som gjer at du raskt kan gå frå den eine til den andre oppgåva

Vi vektlegg at du er personleg egna til stillinga.

Vi tilbyr
  • Løn etter utdanning og erfaring (maks utteljing for inntil 3-årig utdanning)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Stillingsfunksjon
Konsulent, Rådgivning, Annet
FINN-kode
394471051
Sist endret
20. feb. 2025 08:46