Velkomen til Osterøyskulen!

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Velkomen til Osterøyskulen!
Frist
16.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vil du være med å gjere ein forskjell og bidra til lærelyst og meistring for framtida?

Osterøyskulen har trong for grunnskulelærarar 1.-10. frå hausten 2025. 

Osterøyskulen har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der arbeid med elevmedverknad, lesing og trygt og godt læringsmiljø står sentralt. Osterøyskulen føl Olweus-programmet.

Det er fem grunnskular i Osterøyskulen der vi har fire barneskular og ein ungdomsskule. Vi er tydelege på at vi ønskjer å jobbe i lag til det beste for barnet der vi saman jobbar for at alle elevane i Osterøyskulen skal få same vilkår etter likeverdsprinsippet. Vi har mellom anna etablert felles utviklingstid ein gong i månaden der alle skulane møtast digitalt for å utvikle seg i lag. Vi har også felles fysiske planleggingsdagar. Vi har ein felles kvalitetsutviklingsplan og ein leseplan som strekk seg frå 1.-10. trinn. 

Frå hausten 2025 vil vi etablere utviklingsgrupper trinnvis på tvers av skular, slik at lærarane kan få moglegheit til å sikre ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø i lag med kollegaer utover eigen skule. 

Vi håper å sjå deg på søkjarlista!

 


Arbeidsoppgåver 
  • Skapa eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for alle elevane både fagleg og sosialt
  • Planleggje, gjennomføre og vurdere variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet og med god progresjon jmfr. LK-20
  • Planleggje og gjennomføre undervisning tilpassa den einskilde elev sitt behov
  • Aktiv deltaking i det profesjonelle læringsfellesskapet og utviklingsarbeid
  • Analysere og følgje opp elevane si læring
  • Fokus på undervegsvurdering
  • Delta i og bidra til lærande fellesskap og lærarteam på skulen og i Osterøyskulen
  • Kommunisere og samarbeide godt med føresette, elevar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar

Vi tilbyr 
  • Skulane våre har eit fellesskap og skal saman lose elevane våre trygt og godt gjennom opplæringa. 
  • Som tilsett i Osterøy kommune vert du ein del av eit stort, omsorgsfullt og kunnskapsrikt fellesskap i Osterøyskulen! 
  • Osterøyskulen er kjenneteikna av god delingskultur på skulen og mellom skulane, med fokus på skuleutvikling, profesjonsfellesskap og gode samarbeid.
  • Som lærar på Osterøy får du god støtte både internt og eksternt, i samarbeid med kollegaer, skuleleiinga, kommunale støttesystem og skuleeigar.
  • Som lærar ved Osterøyskulen vil du bli ein del av eit positivt, godt og kunnskapsrikt arbeidsmiljø, med rause kollegaer og omsorgsfulle leiarar.

Kvalifikasjonskrav 

For å kvalifisere til stillingane må du ha ei av følgjande utdanningar: 

  • Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn 
  • Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn
  • Allmennlærarutdanning
  • Barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning og minst 60 studiepoeng vidareutdanning retta mot undervisning på barnetrinnet 

I tillegg til grunnskulelærarkompetanse, ønskjer vi spesielt at lærarar med følgjande kompetanse søkjer: 

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk 
  • Forsterka norsk
  • Tysk
  • Praktisk estetiske fag
  • Mat og helse
  • Spesialpedagogisk kompetanse

Rett formell kompetanse kombinert med personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen


Kven er du?
  • Du har elevsyn i tråd med overordna del i LK-20
  • Du er nysgjerrig 
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar 
  • Du tar initiativ til nye arbeidsmetodar
  • Du er strukturert og nøyaktig 
  • Du er ein relasjonsbyggjar både med elevar og kollegaer 
  • Du kommuniserar godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartar

Lærarar er medlem av Statens pensjonskasse! 

I tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP, kan du ha rett på økonomisk stønad om du skulle bli sjuk eller uføre. Du får og gode betingelsar på boliglån, og dine næraste kan dessutan ha rett til etterlattepensjon når du døyr.

Tryggleik for deg som lærar - får du redusert inntektsevna di på grunn av sjukdom eller skade, kan du ha rett til uførepensjon. 

Tryggleik for familien din - Din ektefelle, partnar eller barn kan ha rett til etterlattepensjon når du døyr. 

Gunstig boliglån - Boliglånsrenta til SPK ligg i gjennomsnitt under marknadsrenta! 

Livsvarig alderspensjon og AFP - Som medlem i SPK får du ei god alderspensjon når du pensjonera deg! 


Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
394491524
Sist endret
20. feb. 2025 11:37