Operasjonsleiar

Arbeidsgiver
FOT - Seksjon for operativ styring, Møre og Romsdal politidistrikt
Stillingstittel
Operasjonsleiar
Frist
06.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du leie i front når det verkeleg gjeld?

Er du ein beslutningdyktig og handlekraftig leiar som trivst i ein hektisk og uforutsigbar arbeidskvardag? Ønskjer du å vera med på å sikre tryggheita og orden i samfunnet? Då er dette stillinga for deg!

Vi har no ledig ei fast stilling som operasjonsleiar, politioverbetjent, ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt. 

Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar. 

Vi ser etter deg som har gode leiareigenskapar, er initiativrik og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar. 

Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det annakvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.

Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er inndelt i tre avsnitt som leiast av kvar sin avsnittleiar. Vi har mange erfarne leiarar og god spreiing i alder og erfaring mellom operatørane. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige medarbeidarar.

Operasjonssentralen er lokalisert på politihuset i Ålesund. Sentralen er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal. Litt reiseverksemd kan forekomme.


Arbeidsoppgåver

  • Øvste leiar på operasjonelt nivå når det ikkje er satt stab
  • Ansvarleg for samhandling med innsatsleiar i både planlagde og hendingstyrte oppdrag
  • Ansvarleg for å konferere med stabssjef ved behov for fagleg rådgjeving 
  • Ansvarleg for å følge opp styringssignal frå overordna nivå
  • Ansvarleg for å ha oversikt over politidistriktet sin operative kapasitet (ressurs og kompetanse) i samhandling med tenestekontoret. Skal bistå tenestekontoret med sanntidsføring i TTA, etter kontortid.
  • Ansvarleg for samhandling og oppfølging med Felles straffesaksinntak (FSI). Operasjonsleiar er etterforskningsleiar når FSI ikkje er på arbeid
  • Ansvarleg for å handtere media og informere befolkninga etter sentrale retningsliner og lokale instruksar
  • Skal ha god kunnskap om lovverk, i instruksverk og ordrar
  • Skal ha inngående kunnskap om PBS I – II og III og drifte tenesten i samsvar
  • Ansvarleg for HMS tiltak for tenestepersonar i aktiv teneste samt eige team som består av oppdragsleiar og operatør
  • Ansvarleg for varslings- og bistandsanmodningar
  • Ansvarleg for varsling av stabssjef ved behov for å sette stab
  • Ansvarleg og fullmakt til å beslutte bevæpning i samsvar med våpeninstruksen for politiet
  • Har fullmakt til å beordre personell og rekvirere ekstern bistand
  • Ansvarleg for politidistriktet si operative drift av politidistriktet sin funksjon som lokal redningssentral (LRS) herunder oversikt over redningsressursar
  • Kunne fungere som oppdragsleiar og operatør
  • Skal rettleie øvrige tilsette ved operasjonssentralen
  • Skal utføre oppgåver skildra i rutinar om arbeidsfordeling samt gjeremål for OL og ODL
  • Ansvarleg for varsling av politimeistaren og jourhavande etter eigne retningsliner
  • Kan bli pålagt andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved søknaden.
  • Brei og relevant erfaring frå politiet sine gjeremål
  • Relevant erfaring frå leiing
  • God kunnskap om nasjonal kriseberedskap og krisehandtering
  • God munnleg og skriftleg formidlingevne på norsk og engelsk
  • God kjennskap til politiet sine operative styringssystem
  • Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. 
  • Må kunne klarerast for HEMMELEG/Nato secret jfr. sikkerhetsloven 

 Ønskeleg:

  • Relevant leiarutdanning
  • Studie funksjonsretta leiing for oppdragsleiar/operasjonsleiar/innsatsleiar
  • Studier innanfor etterforskningsleiing
  • Erfaring frå operasjonssentralen

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar, herunder kunne leie situasjonsbestemt og ha god evne til å motivere og bygge opp medarbeidarane
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Høg stresstoleranse
  • Endringsvillig
  • Initiativrik 

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Som leiar må du i tillegg vere ein god rollemodell og leie i samsvar med medarbeiderplattformen vår.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønt som politioverbetjent, stillingskode 0287 med brutto årslønn frå kr. 700 000 til kr. 740 000
  • For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
  • Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar

Kontaktinformasjon

Erik Steen Mikalsen, Seksjonsleiar, 70118957

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt


Referansenr.: 4917797095

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 06.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Sikkerhet, Annet
FINN-kode
394493718
Sist endret
20. feb. 2025 12:06