Spesialpedagog i barnehagane 100% fast

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Barn og familie
Frist
16.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes. 

Omtale av stillinga 

Kvinnherad kommune har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i barnehagane for tilsetting frå 01.08.25.

Barnehageteamet er knytt til barnehagane i Kvinnherad kommune med eit særskilt fokus på tidleg innsats og spesialpedagogisk hjelp og har ei utøvande og veiledande rolle innan spesialpedagogisk arbeid. 

Spesialpedagogane har oppmøtestad i inntil to barnehagar. Styrar i den enkelte barnehage er spesialpedagogen sin næraste leiar. Oppmøtestad vil endrast kvart tredje år. Spesialpedagogane vil ha ein koordinator i PPT som har ansvar for rekruttering og oppfølging ved langtids sjukefråvær, i tett samarbeid med styrarane. Spesialpedagogane vil delta i eit spesialpedagogisk nettverk med møter kvar 6. veke for faglege drøftingar og påfyll. Ut over detta vil spesialpedagogen ha sin fulle arbeidsdag i to barnehagar. Spesialpedagogane vil ikkje være del av grunnbemanninga i barnehagane.  

Arbeidsoppgåver 

  • Er ein fagleg ressurs innan spesialpedagogisk område for barnehagen 
  • Arbeide med førebygging og tidleg innsats på individ og systemnivå  
  • Observasjon og kartlegging 
  • Rettleiing på individ- og systemnivå 
  • Styrking av det systematiske språkarbeidet. 
  • Ansvar for spesialpedagogisk hjelp etter §31 i barnehagelova. 
  • Utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) og årsrapport i samarbeid med pedagogisk leiar. 
  • Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester 

Kvalifikasjonar 

Godkjent barnehagelærarutdanning. Vidareutdanning innan spesialpedagogikk eller pedagogikk, 2.avdeling spes.ped. eller anna relevant utdanning. Det er ønskjeleg med rettleiarkompetanse. 

Personlege eigenskaper 

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing 
  • Erfaring frå arbeid med rettleiing er ei føremon 
  • God samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar 
  • Eigna for arbeid med barn og foreldre 
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert 
  • Evne til fleksibilitet og endringsvilje 
  • Krev gode norskkunnskapar 
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Å kunne arbeide tverrfagleg 

Vi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov. 

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil. 

Vi tilbyr 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. 
  • Rettleiing. 
  • Løn etter kvalifikasjonar. 
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 
  • Kvinnherad kommune har gratis SFO.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Annet
FINN-kode
394520126
Sist endret
20. feb. 2025 01:52