Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver
Ombo oppvekstsenter, Stavanger kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
07.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du utdanna barnehagelærar og ønsker å vere med å forme framtida? Er du ein varm og tydeleg vaksen som vil møte barna våre kvar dag? Likar du å samarbeid med andre i team? Då bør du søke stillinga som pedagogisk leiar i barnehagen på Ombo oppvekstsenter. 

Ombo barnehage har ei avdeling og i barnehageåret 2024-2025 har vi 14 barn i alderen 1-5 år. Barnehagen har allereie ein pedagogisk leiar, men nå har vi midlertidig behov for ein til. Som pedagogisk leiar vil du, i samarbeid med dei andre tilsette, vere med å forme barna sin kvardag og det pedagogiske innhaldet i barnehagen.

Barnehagen er ein del av eit oppvekstsenter. Det vil seie at skule og barnehage held til i same bygg. Samarbeid mellom barnehage og skule er prioritert. Leik, nysgjerrigheit og glede har vore satsingsområdet vårt dei to siste åra.

Vakre Ombo er den største øya i Stavanger kommune og ligg midt i øyparadiset Ryfylke. Her er sjø, fjell, skog og lokalt dyreliv tett på, noko som gir fantastiske moglegheiter til spennande aktivitetar for undervisning og fritid.

Du må ta båt for å komme til Ombo, enten med hurtigbåt frå Stavanger/Judaberg (Finnøy) eller med ferje frå Judaberg/Hjelmeland. Det er lagt til rette for å pendle til/frå Judaberg, og tunnelforbindelsen mellom Finnøy og Stavanger er gratis. Oppvekstsenteret ligg på Eidssund, med gå-avstand frå ferje- og hurtigbåtkai.


Arbeidsoppgaver

* Samarbeide i team med den andre pedagogiske leiaren om det pedagogiske innhaldet i barnehagen. 

* Planlegge og gjennomføre arbeidet på avdelinga.

* Ansvar for å gi barna god omsorg og å vere ein god rollemodell.

* Arbeide i tråd med gjeldande planar og styringsverktøy.

* Bidra til utvikling og kompetanseheving.

* Samarbeide med barn, føresette, kollegaer og leiinga.

Kvalifikasjoner

* Utdanning som barnehagelærar.

* Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg. Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.

* Kjennskap til digitale verktøy er ein fordel.

Personlige egenskaper

* Du er ein varm og trygg vaksen med god sosial kompetanse.

* Du likar å samarbeide.

* Du har godt humør og likar å leite etter gode løysingar.

* Du likar travle dagar, er ansvarleg og fleksibel.

* Du vil vere med på å skape ein triveleg arbeidsplass. 

Vi tilbyr

* Kjekke kollegaer, godt arbeidsmiljø og vakker natur.

* Hjem-jobb-hjem for reiser i heile kommunen.

* Stillingskode 763700 og lønn etter ansiennitet.

* Tilsette med godkjent barnehagelærarutdanning får hjå oss eit funksjonstillegg for ikkje-landfaste øyer på kr 50 000 per år.

* Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Hanna Skartveit

Arbeidssted



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Stavanger kommune


Referansenr.: 4926195219

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
4187 Ombo
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
394540290
Sist endret
21. feb. 2025 06:32