ID 2295 Helgestillingar - Psykisk helse og rus

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sosialfagleg utdanning, studentar innan helsefag, andre releva
Frist
16.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Apalvegen er eit bufellesskap med fleire bebuarar med ulike psykiske helsevanskar. Bufellesskapet har personale med høg fagleg kompetanse, og yt mange og varierte tenester saman med brukarane, for at dei skal utvikla seg og ha god livskvalitet.

Me har brukar i fokus, kan tilby mangfald i arbeidsoppgåvene, arbeid i fagteam, samarbeid med andre tenester, tverrfagleg samarbeid og eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø

Følgjande helgestillingar er ledig:

**1.**Fast nattevakt 28,17 %, turnus med arbeid 3. kvar helg

**2.**Fast helgestilling 20,19 %, I ein seks vekers turnus arbeidar ein 2 helger

**3.**Vikariat helgestilling 20,19%, 3. kvar helg -- ledig i 1 år

Skriv i søknaden om du søkjar på alle eller berre ein av dei ledige stillingane

  • Me søkjer etter motiverte og engasjerte medarbeidarar med gode samarbeidsevner, og som:

  • Har erfaring innan psykisk helsefelt.

  • Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set.

  • Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner.

  • Er positiv, initiativrik og strukturert.

  • Veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur

  • Vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø.

  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit.

  • Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant helsefagleg utdanning

  • Studentar innan helsefag

  • Anna relevant utdanning vil og kunne verta og vurdert.

  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

  • Søkjar må ha sertifikat (for arbeid på natt er ikkje dette eit krav)

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Kontaktperson:

Opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til konstituert avdelingsleiar Susanne Isobell Creemers tlf: 41 85 36 81

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
5417 Stord
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
394605608
Sist endret
21. feb. 2025 12:27